8/9/2017

BS-NYTT veke 36

Prosjekta våre går sin gong og fleire prosjekt nærmar seg slutten.

På Dalvatn går prosjektet «Sikring av vannveg stasjon1» sin gong. Gropa for støyping av propp før luka byrjar å bli klar for forskalings og armeringsarbeid.

Finnflot går også sin gong med støyping av to felt denne veka. Diverre lukkast me ikkje med støypinga med den nye pumpa måndag, men reknar med me skal få den i funksjon komande veke.  

Også på Svartavatn går det på fram og det vart støyping der på måndag, og ny støyp i dag-fredag.

På Eramet har me hatt noko arbeid med skinnegang og betongelement i omnshuset. 

På Folkets Hus er me no ferdige med betongarbeida på parkeringsplassen. 

Me har også betongarbeid til ein garasje for ein av naboane til Folkets Hus

Oppe ved Maldalsvegen er no bustadtomta snart ferdig planert, me skal og i gong med betongarbeida, men det vert nok noko seinare på hausten

På tomta "Elvatun" graver me for nye røyr til leilighetsbygget som kjem her.

I Ekkjeskaret har me eit lite oppdrag for Småkraft, me skal reinske litt langs røyrgatetrase, og noko i elv. Det er bratt terreng der som me tar omsyn til med tanke på HMS – det meste vert manuelt arbeid. 

Gruvestien i Almannajuvet vart nemnd i førre utgåve, og no reknar me med oppstart der i neste veke.

I Tysse har me fortsatt arrondering og opprydding gåande.

Ny betongpumpebil:

 

Synfaring med Statkraft

Rune var av garde i går på synfaring med Statkraft i fjellområda innafor Tyssedal. Det er nokre komande rehabilitering av eit par dammar der som kjem til neste sommarsesong.

 

 

HMS

Vernebriller

Unge i alderen frå 20-24 år er mest ramma av augeskader – og mest innan mekanisk arbeid. Metallfliser, skarpe / og eller glødande, er gjengangar. Vinkelslipar / slipeverktøy er involvert i ¼ -del av ulykkene.

Husk også etsende stoffer (sprut) er svært kritisk (kontinuerlig øyeskylling umiddelbart er viktig). Og me tek med ei påminning om strålinga frå sveising som er svært farleg!

 

 

Ha ei god veke!