6/1/2017

BS-NYTT veke 1

Vinteren stoppar oss ikkje i Tysse. Årets første veke har gitt oss vintervær med snø og no kulde.

Dette er oftast ein utfordring i anleggsbransjen, men kjekt for fritida. Det er i Tysse me har størst aktivitet og mykje mannskap for tida. Me driv både med røyrlegging i grøfta, og med betongarbeider på kraftstasjonen. I dag støyper me innstøypningsfundament på stasjonen, der me reknar det går ca 45m3. Det var svært glatt på vegane i går, og så også i Tysse, men me har fått skodd kjøyretøy og maskinar skikkeleg, og me strør også noko for anleggsarbeida der ute. Vinteren skal ikkje stoppa oss! 

Her heime er me no ferdige med rivinga på Vangsnes og bygget er vekke. Det gjenstår ein del sortering, og resirkulering av betong, som kan nyttast til massar i enkelte høve. Dette arbeidet driv me no på grustaksområdet. 

Ellers er det også aktivitet på Folkets Hus der me driv med grunnarbeida fortsatt. For Veidekke på Statnett Austerheim er det og aktivitet, og me er der med maskin og mannskap. 

I grustaket er det fortsatt full produksjon av massar.

BETONGLEVERANSAR 2016 

Me er ferdige med fjoråret og det er naturleg å kikke på litt statistikk osv. Det var gode betongleveransar, men stor samling av levering i august og september, med utfordringane det gav: 

Permitteringar 

Me har enda ikkje permittert nokon, men ser på dette frå veke til veke no. Me har trykk i Tysse, og me har produksjon i grustaket, samt sortering av betong etter rivinga på Vangsnes. Gjengen på Kårstø blir verande der til 18. januar. Tidspunkt for når me kan starta betongarbeid på Vangsnes veit me ikkje. Avdelingsleiar infomerar den enkelte om dette

Proresult 

Husk at også bevegelige helligdagar må registrerast, og sjølvsagt om du har fri (også halve dagen), eller feriedagar. 

For 2. juledag burde me ha sendt ei påminning, men me får hjelpa kvarandre å huske dette neste bevegelige helligdag som er skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag. 

HMS 

Me vart på nytt minna på kor sårbare me er på veiene denne veka. I går vart det ein bil som havna på taket på Ropeid vegen. Sjølv om det no som oftast vert strødd og salta svært bra, må ein som sjåfør på denne tida alltid vere svært merksam på føretilhøva! 

Rune Årthun takkar for merksemda for hans 20 års jubileum som medarbeidar hjå oss. 

Me gratulerer Leif Kåre og Nikolai (den yngre) med dagen torsdag 12/1! 

Ha ei god veke!