10/3/2017

BS-NYTT veke 10

Me driv for fullt i fleire prosjekt også denne veka. Me har ein god gjeng for Veidekke på Statnett og ellers god drift.

Eit kort besøk av kong vinter, men fortsatt høg aktivitet.

Det vart ein del vårsnø førre døgnet, men det gjekk over i mildvær og regn i går og vart kortvarig vinter.   

På Ambulansestasjon med leiligheter fekk me støypt alle ringmurane til sjølve bygget på tysdag, no er det ringmurar til garasjar og trappehus som står att, og desse vert støypte tidleg neste veke. Når me har fått rydda vekk forksaling og isolert ringmurane vil arbeida våre stoppe til over påske. Då skal elementbygget verta montert og våre arbeid med isolering og støyp av gulv kan starte. 

For Eramet har me produsert 2 stk betongelementer som skal monterast på MOR blåstestasjon under ein stans planlagt seinare denne månaden.

For Veidekke på Statnett har me nå Atle, Woitek og Tor Helge som er med på betongarbeid med brannvasstanken som etablerast der. Fortsatt er Elfinn, Arnt Øystein Øyvind der i noko vekslande grad.

Stilig spesialtransport av transformator var ein milepæl der denne veka. Heldigvis var det godt vær då.

I grustaket driv me klargjering av ein ny travel sesong. Me køyrer noko stein som ikkje er anvendeleg til knusing på tipp, og klargjer områder for produksjon av massar.

I Tysse er røyrlegginga no komen så lang opp mot inntaket at den stoppar litt for å gi plass til naudsynte betongarbeider der. Det vert arbeida med fundamentering av botnplata til sjølve inntaket på dammen, og det er planlagt ein støyp over helga. Me ønskjer oss godt vær, og gode kjøreforhold til dette! Nede ved stasjonen må det også stå att nokre røyr til me har spylt røyrgata. Framover no kan me arrondera terreng og laga ferdige permanente vegar, og me skal trekkje kablar frå stasjon, og opp til inntak. Me har og att ei kabelgrøft frå stasjon og opp til påkoplingsmast.  Me ser stasjonbygg under oppføring på bilete under. Dette er no ferdig reist.

 

Arbeid som snart kjem i gong

Me skal snarleg i gong med grunnarbeida for tilbygg på Brakamoen Barnehage, me ventar litt på at siste rest av vinter skal forsvinne, og at nokre maskinar vert ledige og klar. Me skal også gjere grunnarbeid for «Tuftepark» på idrettsbanen. Me har og ei bustadtomt oppe ved Maldalsveien som vart utsatt i fjor haust, men som me no snart vil setje i gong med.

 

Nokre punkt om kvalitet:

 

Lensepumper

Ved bruk av lensepumper (senkepumper) er det viktig at de brukas riktig. Pumpene må heile tida ha vatn, og det er viktig å sjekke at dei går med rett retning. Viss dei slår feil veg ved start (motsett av pil), må ein vippe om fasebrytar på kontakt.

 

Verktøy frå verkstad

Ved uttak av verktøy frå verkstad så vær venleg å spør Ove, eller Stein Vidar etter dette. Ikkje ta verktøy frå verkstad utan å melde frå om det. Dette brukast av verkstadfolket dagleg, og mykje unødig tid går til leiting. Ingen ville like om andre var og forsynte seg i arbeidsbil til den enkelte!

 

 

 

Ha ei god veke!