9/3/2018

BS Nytt Veke 10

Det vart mildare denne veka og det hjalp på for våre arbeider

I Kvilldal har me denne veka fått meisla/gravd opp store delar av grøfta for kulvert og vegkryssing 1, dette til tross for godt med tele i bakken. Det er støypt ca 35 meter kulvert og i tillegg magra ca 24 meter av grøfta. Tidleg neste veke vert det tilgong til å starte betongarbeida på vegkryssing 1, i tillegg til fortsettelse av kulvert, og me vil igjen auke bemanninga.

 

Det har blitt ein del mildare i været så me har fått støypt plater for oppstillingsplass til styringscontainer for avrakar og containeroppstillingsplass for pumpe til spyleplass på Eramet. I tillegg har me starta prefabrikering av armering til nytt avrakarfundament.

 

På Transformatorstasjonen til Saudefaldene har det denne veka blitt gjort arbeid med etablering av større utsparing for dør i den murte ytterveggen, og det har blitt sett opp ein lettvegg på innsida.

Frå lagertomta vår på Birkeland har me denne veka fått knust ein del sprengstein. Av desse massane lagar me pukk og knust veigrus 0 - 20mm og pukk 20 -120mm. Dette er litt 

alternativ arbeid til gjengen frå Åbødalsvegen prosjektet.

 

For Stangeland på Statnett Austerheim er det fortsatt full drift med tri gravemaskiner for vår del.

 

 Ny gravemaskin

Me kjøper ein ny gravemaskin. Valet falt på Hitachi ZX210LC-6, og denne vert levert til Berakvam og Norsk Stein for erstatning til vår Hitachi ZX225, som vert flytta til anna arbeid.

Den gamle Volvo EC210BLC har me solgt til Ole Magnus, som nok for god nytte av den til å rusta opp garden sin.

Personalmøte

Det vert personalmøte neste fredag frå kl 11.30 i matsalen på Treaskjæret.

Gjensidige vil informere om våre forsikringar og pensjon.

Det vert og ein liten innleiing med stoda hjå oss no.

 

Proresult og ferie.

Det nærmar seg vår og sommar, og årets ferie må planleggast! Fint om alle skriv sine ferieønske inn i proresult.

Velg 9 ferie, og skriv inn frå og til dato.

Du kan også gjere dette dersom du skal ha fri / ferie i påsken.

Og hugs dei bevegelege helligdagane i påsken må førast! Her og vel du 9 og bevegelig helligdag. Dette gjelder Skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag!

 

Liggjande bileter med telefon er lurt!

Eit tips når ein tek bilete med telefon er at ein «legg» telefonen og nyttar den som gammeldags fotokamera. Kvaliteten på bilete vert då betre!