17/3/2017

BS-NYTT veke 11

Veka har ikke vært som på bilete men me har hatt god aktivitet og satsar på å avrunde uka med ein skikveld med godt vær!

Ambulansestasjon klar for montering av betongelement

På Vangsnes er betongarbeida i denne omgang avslutta for vår del, og det er no klart for montering av elementbygg.

 

I Tysse  er botnplata for inntakskonstruksjon støypt, og me har montert inntaksventil. Det pågår no forskaling av vegger i inntaket. Elles har me utbetra veg, og arrondet i terreng denne veka. 

For Veidekke har me fortsatt 3 stk innan betongarbeid, og også 3 stk er inne frå avdelinga for grunnarbeid.  

På Eramet har me hatt eit par mann som driv med mindre utbetringar på eksport kaien.

Det er elles ein del førebuingar til ein travel sesong no. I Grustaket ryddar me opp i steinmassar som ikkje kan knusast, og får desse på tipp. I tillegg tømer me sedimenterings-gropene til vaskeanlegget, før me snart startar opp att produksjon av betongtilslag .


 
På gravemaskina til Bjørn Tore har me no bytta til nytt understell, før han skal ut på ny jobb. Maskina har gått nærare 9000 timar på det originale understellet.

 

Førebuingar til Finnflot prosjektet

Det går stadig og fort mot vår, og tankane går mot oppstart av prosjektet på Dam Finnflot. Me planlegg ferieavvikling, og må starte med å kle systemforskalinga no. Me har og gjort avtalar om ein del innleie av personell.

Dei første kjem no på måndag, for å være med på betongarbeida med inntaket i Tysse.

 

Legg inn ferieønske for sommaren

I samband med kapitlet over har fleire sett opp ferieønske på oversikten som heng på døra frå verkstad til garderobane. Fint om alle fyller ut dette, og/eller legg det inn i Proresult.

 

Gruvesti Almannajuvet

Me vart vinnar av dette anbodet, men nokre avklaringar må vel enda gjerast, før det er klart for oppstart.

 

Me har og fått eit oppdrag med å grave for, og etablere nokre fundament, for Praxair på luftgassfabrikken inne på Smelteverksområdet. Dette skal setjast i gong i veke 14

 

 

Skikveld


På fredag tek me ein ski-kveld i Skisenteret. Me tek litt mat og sosialt samvær etterpå. Det er gunstig med aktivitet i fritida. Ikkje minst er det eit godt trivselstiltak å gjere noko kjekt, og litt anna saman også i fritida. Me er over 20 påmeldte, og satsar på godt vær, og gode vinterforhold omtrent som på dette biletet.

 

 

Ha ei god veke!