24/3/2017

BS-NYTT veke 12

Denne veka har vore prega av at me har starta opp fleire nye jobbar. Me planlegg ein travel sesong på levering av betong

 

Nye jobbar

Me har hatt noko skiftandes vårvær siste veka, men nye jobbar startar opp.

Me er no i gong med grunnarbeid for tilbygg på Brakamoen Barnehage.


Me er og komne i gong med tomta til Haraldsen på Maldalsveien.  Første salva vart på ca 150m3.

Det er fortsatt full drift for Veidekke på Statnett, og me har framleis både betongarbeid og grunnarbeid der. I Tysse er det reist eit høgt stillas for betongarbeida oppe ved inntaket, og forskaling er påbegynt. Nede ved stasjonen gjer me noko sikring av skråning.

Inne på Eramet har me fortsatt arbeida med eksportkaien. Me har og mottatt bestilling på arbeid med graving og røyr for prosessvatn.

I Tillegg er det stadig levering av betong. Me får nok eit godt volum på dette til sommaren, og me fekk gjennomført eit godt planleggingsmøte for dette no i dag. Ny Pumpebil er blant anna venta i løpet av juni månad, andre ting må me få på plass sjølv.

For arbeida på Finnflot vert det og utført diverse førebuingar, og me er no i gong med å kle systemforskalinga som skal nyttast der oppe til sommaren.

 

Grei Start på betonglevering for årstida:

Me ser at dei to første månadane av året ikkje har vore rekordprega, men likevel gitt eit greitt volum for årstida når det gjeld levering av betong frå blandeverket.

 

Jubileumstur til Malaga

Neste fredag ber det av garde til Malaga. Me er 54 medarbeidarar og følgje som tek turen til Malaga, der det forhåpentleg er meir vårleg stemning enn her heime :). Me dreg fredag kl.13.30 frå Treaskjæret. Me kjem heim måndag 3. april, og landar på Karmøy kl.19.00. Margrete har delt ut eit eige infoskriv om turen  – ta kontakt om du ikkje har fått dette. Blant anna vert det tisse-pause på Knapphus :) Husk å ta med gyldig Pass!

HMS

Tørr hud

Me går inn i ei årstid der det er ekstra lett å få sår hud på hendene. Når det vert kombinasjonar av tørr luft og kulde må ein vera ekstra forsiktig ved håndtering av sementbaserte mørtlar og oljer. God førebygging med handkrem kan ha god effekt.

Tomgangskøyring

Det kan sjå ut til at fleire har blitt meir bevisste på å unngå tomgangskjøring ved stans, og det er bra for miljøet. Årstida skulle vel også vera med å stimulera til dette no framover. Sjekk av luftfilter har også same relevans.

 

 Ha ei god veke!