23/3/2018

BS Nytt veke 12

Det går mot innspurte i Kvilldal og me har ein del nytt arbeid som ventar etter påsken.

I Kvilldal har me no støypt komplett kulvert og ferdig vegkryssing veg 1, inklusive forsterkingsplate (vert støypt i dag).

Det er vidare støypt nokre av oppkantar for fot til New Jersey trafikksikring. Me har også fått tilbakefyllt ein del mot kulvert. Flott innsats av alle på prosjektet!

 

På Transformatorstasjonen til Saudefaldene pågår det riving av el-installasjonar i traforommet, det er mykje arbeid i høgda og krev god sikring av alt som vert utført. I følgje Saudefaldene er arbeida i rute og dei er svært nøgde med «gutta» som utfører rivinga!

 

For Stangeland på Austerheim har me fått ein dumper i drift frå oss denne veka, i tillegg til Elfinn og Tommy som er der med maskiner. Me har og levert noko massar. Det har og blitt tinga enda ein gravemaskin, så etter påske startar Vetle også opp der, med Hitachi 225 som er flytta inn frå Norsk Stein.

 

 

Ny Gravemaskin levert på Berakvam!

Hjå Norsk Steinhar Kjell fått levert ny maskin til erstatning for den som vert flytta til Stangeland på Austerheim no. Me vonar han, og Norsk Stein vert nøgde med den nye maskina J!

Også den nye hjulmaskina til erstatning for den me har som Gunstein stort sett er førar på, vert levert faktisk i dag. Bilete frå dette får me ta med i neste BS Nytt J.

 

Arbeid etter påske.

Etter påske vert det nok oppstart av VA arbeida i Åbødalsvegen / Wergelandsvegen att, og me har på betongsida ein del arbeid for hytter og leilighetsbygg.

Det vert og eit arbeid med ny avrakar for Eramet.

Etter kvart startar me opp med betongarbeida for Stangeland på Statnett Austerheim. Og så kjem arbeida på Finnflot i gong uti Mai ein gong. Kontraktane «Saudapakken» og «Vatndalsvegen» for Statnett skal også i gong.

 

Me har og gitt diverse tilbod på nytt arbeid som ikkje er avklart, så alt i alt er nok sesongen etter kvart no berga og meir til.

Me jobbar også med mogleg arbeid til haust og vinter, så får me håpe melykkast med noko av det også.

 

HMS

Hugs Skilt og varslingsplan ved arbeid i veg! Det er auka krav til dette frå Statens vegvesen. Mange hjå oss har kurs i dette som går ut i løpet av året, og me skal prøve å få til eit nytt kurs i dette.

Ulykka med kranbilen i Kristiansand, hadde fleire årsaker, men også skiltinga vart kritisert i ettertid.

Frå Bygg.no:

Havarikommisjonen: Bremsefeil og manglende skilting da femåring ble påkjørt av mobilkran.

 

 

Ha ei riktig god Påske!