31/3/2017

BS-NYTT veke 13

Det vert snart støyp på inntaket i Tysse. Me er i full sving på mange prosjekt, og nye kjem til.

Snart støyp på inntaket i Tysse

Det vårast og stadig vert det meir og meir aktivitet hjå oss. I Tysse går arbeida for fullt med forskaling og armering av inntakskonstruksjon, og det nærmar seg støyp av første del. Det er også ordna med veg og skråningar fleire stader i traseen.

På Eramet har me sluttført betongarbeida på eksportkaia, og dei er svært nøgde med arbeida.

På Brakamoen barnehage er me komne godt i gong med betongarbeida, det vart støypt ringmur tidleg i veka, og nå pågår oppbygging av isolasjon, og klargjering  for platestøyp.

Hjå Tove Håheimsnes har me denne veka starta med grunn og betongarbeid for ny carport.

For Veidekke på Austerheim støypte me i går torsdag dekke over den nye brannvasstanken.

Oppe ved Maldalsvegen er Bjørn Tore no ferdig med bore og sprengningsarbeida i bustadtomta denne veka. På Folkets hus har me gravd grøft for stramtilførsel, og avretta gulver før romma vert lukka. På idrettsbanen har me rive pølsebua og også nytta høvet til å få ned nokre falleferdige brakker frå lageret på Birkeland, i same slengen.


 I Grustaket har me no starta opp vaskeanlegget og er komne i gong med produksjon av betongtilslag. Me fekk og kjørt doseringanlegget og laga støypesand. Cat hjullastaren forsvinn frå Sauda denne veka, den vert bytta inn i ny Volvo L-150H J.

Den nye kombibilen (betong / lastebil) har blitt lakkert, og har fått logo, trommelen er og kommen, og vert klargjort og tilpassa bilen snarleg.

Påskeferie?

Fint om du registrer eventuelle feriedager i påsken i proresult nå på forhånd, så har me oversikta.

 

Jubileumstur til Malaga

I Morgon dreg me som nemnt ein god gjeng nedover til Malaga. Me kjem heimatt måndag kveld, men nokre flittige medarbeidarar held hjula i gong. Dei skal få ei merksemd for dette, og som kompensasjon for at det ikkje passa for alle med turen denne gongen.

 

HMS

Husk å rapportera alle materielle skader også som RUH. For eksempel på bilar, maskinar, tilhengarar, eller anna utstyr. Slike skader kjem ofte av uaktsomhet, og kan gi oss eit førevarsel for større uhell.

 

Ha ei god veke!