7/4/2017

BS-NYTT veke 14

God aktivitet denne uka også. Fagprøve bestått av to dyktige medarbeidarar og vi har også tilsett to nye!

Betongarbeid i gong på Yara Praxair

Me er i gong med betongarbeida på ein liten utvidelse på luftgassfabrikken inne på Smelteverksområdet.

I Grustaket har me fått levert ei båtlast med finsand, og har og fått prøvd den nye hjullastaren.

 

I Tysse hadde me ein ny støyp på inntaket i går, og me ordnar til med maskinarbeid. Ved Maldalsveien driv me fortsatt med bustadtomta der. På idrettsbanen er me i gong med klargjering for Tuftepark. For Veidekke på Statnett er me fortsatt inne, både med betongarbeid, og grunnarbeid. Det vert og noko maskinarbeid på Folkets hus i mellom helgane no.

 

Nye Fagfolk

Arnt Øystein og Gunstein har vore fagarbeiderar med anleggsmaskin i fleire år, men har mangla det formelle fagbrevet. I går tok dei begge fagprøven med overbevisande resultat, og kan nå dokumentere at dei er fagfolk innan anleggsmaskinfaget !

Gratulera til begge!

Nye Ansatte

Me har mykje arbeid for tida, og god ordreserve. Livet går også sin gong, og nokre hjå oss når etter kvart pensjonsalder. Me har derfor ansatt to nye karar i vår. Det er Vetle Halsnes som startar opp hjå oss etter påske, og Bjørn André Meltveit, som startar i byrjinga av Mai. Me ser fram til godt arbeid i lag med begge to!

 

Ny Gravemaskin – til oppdrag hjå Norsk Stein

Litt av same grunn som over, og konkret ein rammeavtale med Norsk Stein som me fekk være med på, så går me til innkjøp av ein ny gravemaskin. Det vert ein Hitachi ZX 210 LC-6, maskina vert levert direkte til Norsk Stein, Berakvam til byrjinga av Mai, og førar vert Olav S Selvik.

 

Påskeferie!

Husk å registrere dersom du tek fri, da velger du:

Fri uten lønn, eller ferie.

 

Bevegelige helligdager som Skjærtorsdag, langfredag og 2. påskedag: 

Bevegelig helligdager – 8 timar.

 

Bilete frå Malagaturen

Dersom nokre har god bilete frå Malaga kan me godt få kopi til arkivet vårt. Det var ein kjekke tur, og me vil ha mange gode minner til glede framover.

 

HMS

Husk på å låse maskiner før kveld!

Me opplever at ein del maskinar vert ståande ulåste på kveldstid. Det er ikkje bra HMS messig. Ta ansvar for din maskin, men og for det arbeidsområde/prosjekt du er på. Ta ein runde før kveld og sjekk at maskinar er låste. Ikkje kjekt om til dømes barn kjem seg inn i ein maskin med nøklar. Dette gjeld og bilar utanfor verkstad på Treaskjæret.

 

 

Ha ei god kortveke og ei God Påske!!