6/4/2018

BS Nytt Veke 14

Denne veka har me gjort oss ferdige i Kvilldal, og me har starta opp nye og vinterstoppa prosjekt

Så var me i full gong att etter påska. Sjølv om vinteren er noko seig i år, så er det lite tele att i bakken her i låglandet no, og me har starta opp att med VA arbeida i Åbødalsvegen / Wergelandsvegen. 

Her har me også no legging av fjernvarme røyr, og det krev noko ekstra ressursar.

I Kvilldal(bilete over)har me denne veka avslutta arbeida og flytta mannskap, og utstyr heim att. Gravemaskiner vert flytte rett over helga. Prosjektet har gått bra , og det er hovudsakleg re-asfaltering som står att der no.

Dermed kan me fullføre andre på-begynte prosjekt innan betongarbeid, og setje i gong med nye. Blant anna støypte me ferdig vasskummen ved blandeverket i går, og me er i gong med fundament for ny avrakar på Eramet.

På transformatorstasjon 1 for Saudefaldene er det fortsatt arbeid med diverse.

For Stangeland på Statnett Austerheim (bilete over)er no Vetle i full gong med gravemaskin og også Bjarne held seg der  no med dumperen, dette i tillegg til Tommy og Elfinn som har vore der frå starten. Det er godt driv der, noko som trengst då det er mykje arbeid som skal fullførast dette året.

 

Over helga vil me og prøve å komme i gong med opparbeiding av baseplassar for Statnett i kontrakten som vert kalla «Saudapakken» Første baseplass som skal opparbeidast er på industriområdet på Birkeland der Bjørn Tore no flyttar seg frå Kvilldal.

 

Ny Medarbeidar!

På tysdag denne veka starta Håvard Askvik å arbeide hjå oss. Han skal etter kvart verte sjåfør på betongpumpebil, og er i full gong med opplæring på betongkøyring. Håvard er også lærling i bergverksfaget, og han skal også få fullføre læretida og ta fagprøve her hjå oss.

Me er svært glade for å få Håvard med oss, han er fleksibel, arbeidsam og dyktig, og så senkar han snittalderen hjå oss kraftig!

 

 

Ny Hjul – Gravemaskin

Rett før palmehelga vart denne nye hjul – gravemaskina levert, og denne gongen har me og velgt å få med hengar, som me trur vil vara svært praktisk og effektivt!

 

Ferie:

Alle må no legge inn sitt ønske om sommarferie i proresult. I år oppfordrar me til «fellesferie» at flest moleg velger 3 uker i Juli!

 

Velg 9 –ferie og frå – til i datofelt. Feriedagar vert automatisk rekna med 7,5 timar, men ikkje bry deg om det! Det gjer ingenting – det er dagar / veker som er viktige å planlegge no.

 

Personalmøte:

Me tek personalmøtet som var utsett Fredag 20.04 frå kl. 11.30 – 13.00. To karar frå Gjensidige informerer om pensjon og forsikring. Det vert og ein kort innleiing om aktuelt arbeid i sesong, litt økonomistatus og HMS.

 

 

HMS

Husk riktige dekk etter vær og føre!

ja på måndag skal ein etter retningslinjene av med piggdekk, men sjølvsagt må ein vurdere dette etter forholda der ein skal køyre. Ennå er det full vinter i høgfjellet og seinats i går ettermiddag hadde må gode snøbyger her i Sauda!

Ha ei god veke!