21/4/2017

BS-NYTT veke 16

God aktivitet denne uka. Vi er no klare til å komme i gong med sesongens store arbeider for oss i fjellet!
Sesongstart i fjellet med første gravemaskin på plass

Me er no stort sett ferdige med grovplanering av bustadtomta ved Maldalsvegen, og maskina til Bjørn Tore vart flytta til brøytestasjonen ved avkøyringa mot Dalvatn i går ettermiddag. Han vil belta seg mot Dalvatn i dag. Dermed er me så vidt i gong med sesongens store arbeider for oss i fjellet.

Fortsatt er det full drift i Tysse, og det vart støypt på inntaket i går igjen. No er det hovedsakleg ein støyp igjen der, før betongarbeida er ferdige. Det vert og utført noko kabeltrekking og tilordning med maskinar.

For Praxair fabrikken har me klargjort fundament som vert støypt i dag, og det har og blitt gravd ned ein kum for gjenbruk av kjølevatn frå Luftgassfabrikken til Eramet.

Me har og arbeid ved idrettsbanen der me klargjer for Tuftepark og forskaler og armerer for nytt bygg.

For Veidekke på Statnett er me forstsatt engasjert både med grunn- og betongarbeid. Brannvanskummen vert no inntilfyllt med massar.

Neste veke har med bestilt NCC for asfaltering på Statnett, og etterpå vil me og få asfaltert området med nye dieseltankar, her på Treaskjæret.

I Kvaløy har Vetle utført arbeider ved hytta til Morten Brekke med maskina som Øyvind vanlegvis er førar av, men for tida er Øyvind ein av våre medarbeidare som er engasjert for Veidekke.

Ny Ansatt

Me har ansatt enda ein person, og me er glade for at Eiliv Hoftun startar hjå oss 2. Mai. Han vil ha ein kombinert stilling som mekanikar, og betong/ lastebilsjåfør.

HMS

Dødsulykke ved Hydro Karmøy. Svært trist lesing frå Bygg.no her, men viktig å være klar over faren med løfteoperasjonar:

Gratulera til Bodil med dagen i dag, og til Wojchiech med dagen på søndag !

Ha ei god veke!