13/4/2018

BS Nytt veke 15

Været er vårleg å fint og me er stadig i gong med nye prosjekt!

Denne veka har me fått fint og stabilt vårlig vær, og temperaturen er no på lag med oss. Tela i bakken er no i ferd med å forsvinne dei fleste stader her nede i Sauda.

I Åbødalsvegen –Wergelandsvegen går VA arbeida no for fullt, og me driv samtidig med legging av fjernvarmerøyr. Prosjektet har no 3 gravemaskinar, lastebilar for transportbehov, håndmenn og Knut er med frå verkstad, for å sveise fjernvarmerøyr.

 

Me er også tinga til Folkets Hus for noko arbeider der, blant anna litt steinlegging ved parkeringsplassen.

 

På Eramet har me støypt fundament for ny avrakar, me har gjort ein platestøyp på importkai denne veka. Og me skal utføre ein del steinlegging som startar rett over helga.

På gruvestien i Almannajuvet har me(innleige av maskin frå Åbø maskin) klargjort for bru fundament, for brua som Weldone skal levere, og reinska litt vidare på sjølve stien, no heilt fram til inngongen til gruvene ved den gamle massetippen.

For Stangeland på Statnett Austerheim er det fortsatt same gjengen som frå oss som er med. D

 

På Norsk Stein har Olav gravd ut tomt for utviding av verkstadbygg som KV Bygg skal utføre. Noko me måtte takke nei til pga kapasitet.

For øvrig har Nosk Stein tinga oss for nokre mindre arbeider med fullføring av tippstokk.

 

Oppstart av lokalt Statnettprosjekt.

På tysdag hadde me oppstartmøte med Statnett for «Saudapakken» som er ein del rigg og baseplasser som skal tilordnast før Dalekovod skal begynne på den nye linja frå Lyse.

Det var eit godt møte og me er no klar for oppstart på første plassen som er på industriområde på Birkeland.

I grustaket gjer med klart for å byggje nokre takreolar, slik at me får avfallscontainerane under tak, og også noko anna utstyr.

 

Hugs Personalmøte neste fredag:

Hugs personalmøtet som Fredag 20.04 frå kl. 11.30 – 13.00. Gjensidige informerer om pensjon og forsikring.

Det vert og ein kort innleiing om aktuelt arbeid i sesong, litt økonomistatus og HMS.

 

Ha ei god veke!