20/4/2018

BS Nytt veke 16

Sesongen er for alvor i gong no, og det nærmer seg oppstart av arbeid også fjellet

Denne veka er det fullt trøkk og me har det travelt i mange ulike prosjekt.

På Eramet er me i full gong med grunnarbeider til steinlegging i binge 24. Det meste av gamal betong frå fundament og golv er fjerna, og me kan starta planering i neste veke. Etter kvart no vil denne jobben krevje enda noko meir ressursar

I Åbødalsvegen –Wergelandsvegen går VA arbeida fortsatt for fullt, og me driv samtidig med legging av fjernvarmerøyr. I dagens Ryfylke kan ein lese meir om legginga av fjernvarmerøyr, og Sauda Fjernvame AS.

 

For Saudefaldene støypte me denne veka eit dekke på Transformatorstasjon 1.

Me er komne godt i gong med ein del betongarbeid for private kundar.

Hjå Atle Austlid gjer me grunn- og betongarbeid for eit påbygg, og har støypt plate i carport.

Me har og støypt ringmur til 3 leiligheter på Egne Hjem 25 (bilete over).

 

 

På gruvestien i Almannajuvet har me vore over elva enda ein gong, no for å lage enda meir klart for bruplassering. Denne er illsutret i dagen hovudbilete - heilt på toppen!

 

For Stangeland på Statnett Austerheim er det fortsatt same gjengen frå oss som er med.

På Birkeland industriområde er me i gong med å lage riggplass for Statnett, dette er den første plassen i prosjektet som vert kalla «Saudapakken» der me skal laga ein del riggplassar og trommel / vinsjeplassar. Dette er for bygginga av den linja frå Lyse til Sauda.

Frå Finnflot får me melding om at vegen opp no er ferdig fresa,og me kan dermed begynne den spede oppstarten der allereie neste veke. Dette er noko før me vågde å ha tru på!

 

Ferieønsker i proresult.

Det vert ein travel sesong og me er avhengige av å planlegge sommarferien. Legg inn ditt ferieønske i Proresult innan 1. mai. Spør om hjelp ved behov!

 

HMS

Husk å bruk hørselvern ved støyande aktivitet / miljø. Helseundersøkinga vår viser at mange hjå oss har redusert hørsel!

 

Me gratulerer Bodil med dagen i morgon og Wojciech med dagen hans på måndag!

 

 Ha ei god veke!