28/4/2017

BS-NYTT veke 17

Klare for varmare tider! Me ryddar snø for å komme i gong med arbeidene på Finnflot.

Snørydding og førebuingar på Finnflot

Då er me for fullt i gong med å rydde snø oppe ved Dam Finnflot. Og me gjer også andre førebuingar til denne, sesongens mest omfattande oppdrag. Så langt har det meste gått veldig bra, sjølv om våren er seig og Kong vinter har vist seg eit par dagar også denne veka. Bilar og maskinar må blant anna ha dei rette skoå på :)

Fleire aktiviteter denne uka

Fortsatt er me i oppdrag også for Veidekke, der me har hatt både grunnarbeid og betongarbeid, også denne veka.

I Tysse er det fortsatt full drift både på betongjengen oppe ved inntaket, og for maskingjengen. På inntaksdam er det vonleg siste støyp no i dag!

For Hans Hylen Solberg har Gunstein sørga for ei god utviding av vegen forbi den nye bustaden hans. 

På Idrettsplassen har me klargjort for Tuftepark og også fått støypt på det nye bygget ved idrettsbrakka.

Her utanfor kontora på Treaskjæret, klargjer me no for asfalt som skal leggjast på Tysdag i neste veka.

Det vil bli fleire rundar med asfaltering også seinare i sesongen. Så for dei som har planar om det så er det bare å kontakte oss, så kjem du på lista:)

HMS

Me må igjen minne på faren ved arbeid nær høgspent linjer, og det strenge og absolutte kravet me har om å varsle eigaren av linja om me skal nærmare enn 30 meter! Hugs også at dersom du har reiskap som kan løftas, eller komme nærmare enn 30meter – så skal linje eigar varslas før arbeidet tek til! Sjølv om bilen, eller maskinen er parkert lenger frå enn 30 meter!!

For vår del er Saudefaldene, Statnett, Haugaland Kraft og Suldal Elverk dei linjeeigarane me ofte er i nærleiken av.

 

Gratulera til Alf Ottar med 40 år som ansatt hjå oss 1. Mai.! Altså på måndag :).

Ha ei fin helg!