26/4/2018

BS Nytt veke 17

Det går for fullt i mange ulike prosjekt om dagen. Været ser også lovande ut for neste veke.

Denne veka reknar me med å støypa ferdig golv til leiligheten på Egne Hjem 25. Det vil då stå att støyping av carportar og inngangsparti neste veke. Og været ser jo bra ut, så det lovar godt.

På Eramet driv me grovplanering for steinlegginga som skal gjerast i binge 24.

 

På Norsk Stein har me hatt noko betongarbeid denne veka i tillegg til våre to faste graverar. I dag vert det støypt fundament til forlenging av ein tippstokk, og me har att riving og opprensk før me er i mål med dette prosjektet.

 

I Åbødalsvegen –Wergelandsvegen går arbeida sin gong, både med VA og fjernvarme.

På prosjektet i Kvilldal for Statnett og «Englandskabelen» er me jo i mål med eigne arbeid, men det skal asfalterast i morgon. Me skal og sende sluttdokumentasjonen, etter siste «finish»på denne, og då skal me være heilt i mål med dette prosjektet . Me ser bilete frå gårsdagen asfaltklargjering og med innleid maskin med førar frå Svein Klungtveit AS i dagens hovud / ingressbilete.

 

I Almannajuvet er me klare med gropa for hjelmbua som skal reisast der, og me driv på med grusing av vegen / stien innover. Det som star att no er i hovudsak fundamenta til den siste brua inn mot gruvene.

 

For Stangeland på Statnett Austerheim har det vore Tommy og Elfinn som har vore med frå oss denne veka.

 

For Statnett på Birkeland er fortsatt Bjørn Tore og Trygve i full drift med utskifting av massar i grunnen der.

På Finflot var Rune på synfaring i går og han melder om mykje snø, men bar veg og ideelle høve til å koma i gong no frå mai månad

 

HMS

Me er generelt opptatt av HMS hjå oss og minner om at det er viktig at ein dokumenterer dette ved å fylle ut dokument i kvardagen. Spesielt må me hugse på Sikker Jobb analyser ved behov. Regelmessige vernerundar der ein jobbar, både når ein er ute i prosjekt, men også ved arbeid internt og i avdelingar som verkstad, grustak, blandverket og til om med på kontora! Og om du har ein kommentar, eller tankar om noko som bør setjast fokus på, så skriv ein RUH. Det finst skjema for alt dette i Proresult! Kvar og ein har ansvar - ikkje berre leiinga!

 

Utan samanheng må me og nemne at me diverre fekk ein skade med fråvær i går. Hendelsen skjedde under rivningsarbeid ved bruk av vinkelslipar. I dette tilfellet vart verneutstyr nytta, men hendelsen vert sjølvsagt analysert nøye saman med dei involverte og kunde / byggherre for prosjektet.

Medarbeidaren er tatt hand om og måtte sy eit kutt i panna, det går ellers bra med han no etter tilhøva.

 

 Ha ei god veke!