5/5/2017

BS-NYTT veke 18

Snørydding er gjort og me er i gong med forankringsboltar på dam Finnflot. På Svartavatnet har me starta snørydding.

I full gong på fjellet

Då er snørydding gjort på Finnflot, og me er i full gong med rigging, og også  med forankrings-boltar på dam.


På  Svartavatn er Bjørn Andrè i full gong med snøryddinga der. Så nå blir det full fres i fjellområda rundt Sauda igjen. Også i år må ein nok regne med ein del tungtransport innover Birkeland og oppover mot Dalvatn og Svartavatn.

Fleire aktiviteter denne uka

For Veidekke har me fortsatt både grunn- og betongarbeid som me er engasjert med nokre av våre medarbeidarar.  

Me sett denne veka i gong med graving av ny grøft for prosessvatn på Eramet. 

Hos Dag Ole Stråbø har me støypt plater til inngangsparti, og terasse som skal forblendas med skiferstein.

For Roal Handeland har me starta på betongarbeid for einebustad.

I Tysse har me hatt full aktivitet på å fylla tilbake i brattlia av røyrgata. Det har vore eit særlig gunstig vær for dette arbeidet no.

På idrettsplassen har me ferdigstilt fundamenter til Tufteparken, og betonggulver til ny ballbu og tribune. 

Nytt oppdrag og ny maskin.

Denne veka starta Olav opp med arbeid for Norsk Stein. Han har fått ny maskin til oppdraget og ser ut til å være nøgd.

Sommarferie

Hugs å før deg opp for sommarferie enten på lista som heng på verkstaddøra, eller rett inn i Proresult!

Bevegelege heilagdagar

Minner på ny om at ein må hugse å registrere heilage dagar, som til dømes no i Mai. Velg 9 Fravær/ferie/fri/Bevegelige helligdagar, og registrer timar som vanleg arbeidsdag. Dette kan også gjerast i forkant.

 

HMS

Frå Anleggsmaskinen:

 

Gratulera med dagen til Leif Harald på søndag, og til Halvard på onsdag i neste veke!

 

Ha ei god helg!