4/5/2018

BS Nytt Veke 18

Me har full aktivitet rundt om og er no også i gong på Finnflot

På Finnflot er me no i gong med resterande arbeider for rehabilitering av dam. I går fekk me opp vogna til forskalingssystemet på dam-krona. Det er no montert frostveggelement i tre felt, dette gjekk greitt med gravemaskin på snø. Siste seksjon av forskalingssystem frå i fjor vart også dratt under linja på Dalvatn og er no ute av området, klar for hugging.

I Almannajuvet har me klargjort for støyping av fundament for hjelmbua, og støyper denne i dag.

På Eramet i binge 24 går det med finplanering, men i løpet av dagen vil me og starta med legging av stein. Arbeidet med finplanering er nå løyst på ein enklare måte med tyngre rettholt som vert dradd med hjulmaskin, dette sparer mykje tid og vonde ryggar!

På Egne Hjem 25 har me klargjort for støyp av carportar og inngangsparti, men må venta med støyping til over helga på grunn av dårleg vær.

Hjå Steffan Haraldsen har me starta med finplanering og montering av ringmurselement til huset.

I Åbødalsvegen/ Wergelandsvegen er det fortsatt full drift med VA og legging av fjernvarme.

 

Hjå Stangeland har me no 2 gravemaskinar i arbeid.

 

På Folkets Hus har me klargjort for og engasjert steinlegging.

 

Anleggsmessa

Me var fire på tur til anlegsmessa første dagen på onsdag i denne veka. Det var mykje godt utstyr og ein del nyvinningar. Særleg er det dette med grønt skifte og hybriddrift som er i skuddet for tida.

Me fekk også oppdatert oss på knuse og sikteutstyr, og mykje anna.

 

HMS

Me fekk blant anna demonstrert ny hurtig-kopling med byting av utstyr frå maskinen og skjerpa sikring på dette med at verktøy må stå i bakken, ekstra feste og alarm når festet er utløyst. på dette, som jo er svært aktuelt!

 

 

Gratulera med dagen til Håkon Eik-Nes i dag, til Leif Harald Seim på måndag og til Halvard Rød på torsdag 10. mai !

 

 

Ha ei god veke!