12/5/2017

BS-NYTT veke 19

Det er straks klart for sesongens første støyp på Finnflot!

Sesongens første støyp på Finnflot

Over helga er det klart for sesongen første støyp på Finnflot. Arbeida er no for fullt i gong med armering og forskaling.

Andre aktiviteter denne uka

På Svartavatn har me no rydda snø med gravemaskin, og det er dermed klar for innrykk frå hovudentreprenører AF. 

I Tysse går det sin gong med arrondering og tilordning med maskinar. Trekking av kablar skal og kome i gong att over helga.

I neste veke kan det og verte klart for støyp av gulv på nybygget på Vangsnes.

For Roal Handeland har me starta på betongarbeid for einebustad og det vart støypt der i går.

Me er også i gong med arbeid for Jostein Hindrumsen på brekke der han skal til med eit tilbygg. Stadig har me og levering av betong til Folkets Hus prosjektet.

På Eramet har me stadig drift på grøftearbeida som starta der førre veke. 

Markering av vårt 50 års jubileum.

Laurdagen under Saudadagane 27. Mai vil me markere vårt 50 års jubileum. Me vi då ha ein stand på Kiwiplassen/gamle torget der me spanderer kaffi og kake til publikum. Det vert konkurranse der du får ei t-skjorte og moglegheit til å vinne ein i-pad!

Det var svært kjekt å sjå alle gratulasjonar i dagen Ryfylke. Me takkar og bukkar!

 

Anleggsmesse i Haugesund i helga

Klipp frå dagen H-avis.no:


Frå oss har Rolf tatt turen i dag. Medan det og skal ein gjeng frå oss utover i kveld, og i morgon. 

 

HMS

Betongleveransane til Dam Finnflot og Dam Svartavatn vil for alvor snart komme i gong nå. Då vil det bli stor trafikk på smale vegar, opp mot Røldalsfjellet. For vår del vert det viktig å fokusere på sikker trafikkavvikling!

 

 

 

Ha ei god veke og fin 17.mai feiring!