11/5/2018

BS Nytt Veke 19

Korte veker, Sommartemperatur og full drift hjå oss denne veka.

Det vart ikkje så mykje av gårsdagens varsla store nedbørmengder her lokalt, og elles er det jo reine sommarværet om dagen!

Hjå oss har me fortsatt full drift i Åbødalsvegen / Wergelandsvegen – der me driv med Vatn og avløp og ikkje minst også legging av fjernvarmeøryr.

 

Hjå Steffan Haraldsen legg me isopor og fundamenter til bærevegger / punktfundamenter under gulv på grunn.

 

På Transformatorstasjon 1 for Saudefaldene har me ein mann saman med Murmester Aardal som snart er i mål med muring og puss av vegger.

 

Det er også full drift på Finnflot der me denne veka har montert forsveggselementer i 3 felt og held på med montering av forskalingsvognene for damkrona.

For Eramet i binge 24 er me no stort sett ferdige med finplanering og har lagt ca halve arealet med stein.

 

Gravemaskinar

På maskinsida er me fortsatt engasjert for Stangeland med to gravemaskiner, også på Norsk Stein er fortsatt dei to gravemaskinene der i full drift.

 

Me har også gravemaskin på Finnflot for diverse arbeid der i samarbeid med betongarbeids gjengen, og me flyttar i dag ein maskin til Dam Svartavatn for AF – som skal uføre noko resterande maskinarbeid der.

Me har også starta på grunnarbeid for ei tom til ei ny hytte i Åsane Hyttegrend  i Svandal.

 

Arbeida for Statnett med Saudapakken har midlertidig stått litt stille, men vil snart være i gong att på industriområdet på Birkeland og i Kleivane på Svortetjønnsvegen.

 

HMS

Det er sommarleg vær og me har ein del sol og fint, viktig å hugse solfaktor. Blir ein skikkeleg solbrent kan verta sett ut av spel også av det.

Eller minner me om ergonomi, og at ein søker gode arbeidsstillingar, løfteteknikk osv. Me har vel alle noko stive rygger og diverse frå tid til annan som ein må prøve skåne i ein hektisk kvardag

 

 

 

Ha ei god veke!