12/1/2018

BS Nytt veke 2

Me har fått fleire nye oppdrag i det nye året som starta svært roleg, men nå raskt endrar seg til å bli travelt.

Nytt År og nye prosjekt.

Me er godt i gong med det nye året, og været er stabilt og relativt mildt for årstida vart det no.

Hjå oss har det vore roleg og for lite arbeid, men dette ser ut til å snu seg nå i månadsskifte januar/ februar.

Eramet har tinga oss til intensivt arbeid med slaggroper i veke 5 og 6. I tillegg fekk me i går  melding om at me vant arbeida for Statnett i Kvilldal! Brått endra då alt seg frå å vurdere kor mange fleire som skal permiterast til å sy saman ein travel kabal med diverse tidsfristar!

For Saudefaldene har me fått bli med på arbeida med rehabilitering av transformatorstasjon 1 ved Eramet.

Denne veka fekk me støypt ferdig betongarbeida for hytta i Maldal for byggmester Sondre Birkeland.

Va Åbødalsvegen går sin gong, sjølv om vinteren var noko utfordrande i starten av veka.

På Eramet driv me fortsatt grøfta for vatningsanlegg (bilete over).

På Myrane fekk me arbeid med nokre tette røyr (bilete over).

Me hadde også ein  golvstøyp av garasje for privatperson og litt støyping for Ryfylke Bygg på Elvatun.

 

Investeringar

Me byter ut hjulgravemaskina vår med ny, valet falt på Volvo denne gongen.

Me bytter og ein laste / betongbil og her falt valet på Mercedes. Begge har noko leveringstid, men er med og rustar oss til ny sesong!

 

Halvard , Stian og Ole Magnus reiser på studietur til Putzmeister i Stuttgart neste veke. Me vonar dei får ei triveleg og lærerik reise!

 

HMS I det nya året.

Med Statnett som ein betydeleg kunde og bygghere for fleire av oppdraga våre i det nye året, vert det nok eit ekstra fokus på dette hjå oss i år. Frå oss i leiinga krev dette utarbeiding av planar og dokumentasjon i enda høgare grad. Men minst like viktig er det at me har fokus hjå kvar og ein. Hugs å gi melding når du stussar på noko internt hjå oss, bruk gjerne proresult, eller andre kanalar, også munnleg er mogleg.

 

 

Gratulera med dagen til Leif Kåre og Nikolai jr i dag, og Eiliv som ferierar for tida, på søndag 14/1!

 

 

Ha ei god veke!