19/5/2017

BS-NYTT veke 20

Me har stadig god framdrift i prosjekta våre!

Vel gjennomført støyp på Finnflot og Vangsnes

Variabelt vær denne veka og utfordrande å støype med mykje nedbør, men alt har gått bra. 

På Finnflot hadde me den første støypen med einsidig forskaling på massivdam luftsida. På Fiveland driv Elfinn med bygging av skogsbilveg. Inne på Eramet er det fortsatt arbeid med grøfta som me er i gong med der.

Hjå Jostein Hindrumsen har me montert og støypt grunnmur og golv på tilbygg. 

På Vangsnes har me klargjort og støypt golv i kontor og leilighetsdel til  ambulansestasjonen.

I Grustaket er me i gong med sikting av jord.

I Tysse er det fortsatt arrondering og tilordning det går i, for gjengen med maskinar. Det vart og gjennomført vellykka kabeltrekking denne veka.

 

Intensivt arbeide hjå Eramet neste veke.

Tysdag neste veke startar arbeid med døgnskift på overhellings-stasjon på Eramet. Dette vil føregå fram til pinsen. På måndag kl. 12.00 tek me eit møte i matsalen for dei som skal være med på dette prosjektet.

 

Nye Storbilførarar

Kjell Rørtveit hjå oss tok i går «lappen» på lastebil, me gratulerer! Han er dermed enda meir fleksibel i forhold til arbeidsoppgåver hjå oss. I tillegg har jo Eiliv Hoftun nyleg teke YSK kurset, slik at han og er klar for blant anna masse- og betong transport.

 

HMS

 

Frå nrk.no/rogaland:

Tragisk ulykke på Ryfast prosjektet!

Dette med skuff på gravemaskin som løsner har vi jo også vært borti, svært viktig å være obs på dette!

NB! Husk at me  i høve 50 års jubileum, spanderer Kaffi, kaker og ballongar med meir på stand ved Kiwi / gamle torget neste Laurdag!

Gratulera med dagen til Gjermund på torsdag!

 

Ha ei god veke!