18/5/2018

BS Nytt veke 20

Fullførte arbeider frå oss i Almannajuvet og fullt trøkk i resten av våre oppdrag

Korte Maiveker og flott sommarvær gjer det ekstra travelt hjå oss om dagen!

I Almannajuvet har me no støypt fundament for den siste brua som Weldone snarleg skal montere, og også for hjelmbua er no betongarbeida klare, dermed ser det ut til at det kan verte mogleg å opna for turistar snart.

På Finnflot er det montert frostveggselement og forskalingsvogna for damkrona er i ferd med å bli klargjort. I tillegg ryddar Vetle ein del snø som hadde lagt seg på luftsida av dammen.

På Svartvatnet er Bjørn André på plass for gjere nokre tilordningar under «normalt» vassnivå, medan det enno er lite vatn i magasinet.

 

For Stangeland er det fortsatt full drift for Elfinn og Tommy med maskinane frå oss. Betongarbeida skal gjere der er no førespegla ein oppstart i veke 24.

På Eramet er steinleggina fortsatt i full mundur.

 

Hjå Steffan Haraldsen fekk me støypt gulv på onsdag, og i dag er det ein del som har tatt fri og langhelg sidan denne fredagen er inneklemt.

 

Frå Blandeverket er det jamvel full drift og mykje leveransar om dagen. Blant anna leverer me til Dalekovod på Statnett sitt linjeprosjekt med ny linje frå Lyse og her til Sauda. Leveransane er til Helganes og også til Førrebotn – der bilane må fraktas med ferje. I Stor grad vert det levert til helikopter som fraktar betongen vidare.

I Grustaket siktar med jord i finværet  og produserer også bærelagsgrus 0 – 32 mm og pull 32 - 64 mm for tida. Det minkar på støypesingel og me må starte opp med produksjon av betongtilslag snarast.

 I Åbødalsvegen er det fortsatt full framgong med VA arbeid og fjernvarmerøyr. Nokre områder er ferdig og er sådd til.

I Åsane Hyttegrend er Bjørn Tore og Rune i full gong med arbeida med ei ny hyttetomt der.

HMS

Nokre gonger kan ein skade seg når ein skal hoppe ut av maskin, lastebil og / eller stillas, eller dei siste trinna av ein stige/trapp. Slike enkle litt dumme ting kan fort føre til også skader.

 

 

Ha ei god veke!