26/5/2017

BS-NYTT veke 21

Me har hatt ei god veke og er klar for flott vær og Saudadagar!

God framdrift i våre oppdrag.

Nok ein ny vår-veke med ein raud dag. Me har god framdrift både på Finnflot, i Tysse, og ellers i våre prosjekt. 

På Finnflot driv me no arbeid både ved atterhaldsdammar og ved hovuddam. Denne veka vart det støypt på ein av pilarane, og på massivdam nordside har det blitt støypt på luftsida. Alt har gått bra til no og byggeherren er nøgd.

I Tysse er kabeltrekking vel gjennomført og også noko montasje i inntak . Me fortset med opparbeiding av riggområder og røyrtrasear.

På Eramet er me i full gong med arbeida på ny overhellingstasjon,  arbeida går svært bra med godt samarbeid mellom driftspersonellet og våre ansatte..

Saudadagar i nydeleg vær og me har jubileumsstand ved Kiwi!

I Sentrum er det allereie stor aktivitet og no kjem det gode været for alvor. Me ønskjer alle ein fin helg med Saudadagar!

NB! Husk at me i høve 50 års jubileum, spanderer Kaffi, kaker og ballongar med meir på stand ved Kiwi i morgon!

 

HMS

Me prøver å bli  meir digitale, også innan HMS, og me ser no at avvik/ RUH rapporterast meir og meir via Proresult.  Byggebransjen generelt er opptatt av digitalisering. Her frå Byggfakta.no:

 

Me Gratulerer med dagen til Tommy på torsdag i neste veke!

 

 

 

Ha ei god veke!