25/5/2018

BS Nytt veke 21

Full sommar og festivalstemning i bygda i helga. Hjå oss er det travelt om dagen.

Det er blitt full sommar i Mai og me jobbar på i våre prosjekter rundt om i bygda.

 På Finnflot har me første støyp for sesongen i dag, med første felt på damkronene med forskalingsvogna. Og i tillegg har det pågått snørydding med gravemaskin.

 På Svartvatnet er me fortsatt i gong for AF og Statkraft med nokre arronderingar i magasinet.

 

For Stangeland på Statnett Austerheim er det fortsatt to gravemaskinar frå oss

På Eramet er steinleggina nå i ferd med å verte ferdigstilt. Me har og støypt innkjøringsplater til binge 24.

Det er vel ein oppgang i hyttemarkedet nasjonalt, og me tek litt del i det med  3 hyttetomter for tida, ei i Svandal, ei i Åbødalen og ei i Herheimsdalen. På Storemyr i Åbødalen er me i gong med ringmur og støypt plate for Magne Årthun. I Åsane Hyttegrend i Svandal er det fortsatt grunnarbeid, og I Herheimsdalen er me og så vidt i gong med grunnarbeid.

 

For Ryfylke Bygg på Elvatun har me starta med betongarbeida til carportar og forlenging av støttemur..

 

Frå Blandeverket er det stadige leveransar, og me leverte blant anna 60m3 til Vormestrand i går.

 

 

HMS

Ein utfordring hjå oss er at me til tider har mange samtidige prosjekt og driv med fleire fagområde. Me er heldige og har mange fleksible og positive medarbeidarar som snur seg fort og hoppar over i nye oppgåver om det er behov for det.

Dette er eit pre for oss som verksemd, men kan og være eit risikomoment me må ta på alvor.

Ved nye folk i ditt prosjekt, hugs å informer om HMS, beredskap og varslingsplan, og ta nye med i Sikker Jobb analyser som er utført for arbeidsoppgåva.

Hugs at dette gjeld også for underentreprenørar, eller andre som leigde inn.

 

 

Gratulera med dagen til Gjermund i dag !

 

Ha ei god veke!