2/6/2017

BS-NYTT veke 22

Vellykka arbeid denne veka og vellyka feiring i helga:)

 

Vellykka arbeid for Eramet

Det har gått svært bra med arbeida på Eramet, og det vert no litt pause fram til tysdag i neste veke. Då er det omn-stans og det vert ein del intensiv jobbing for oss att. Me har og fått opna grøfta for kjølevatn mellom Praxair og Eramet, og her vert det no røyrleggingsarbeider.

Fleire aktiviterar denne uka

For Veidekke på Statnett vart det levert 100 kubikk med betong til ein støyp i går. Øyvind er stadig der frå oss, medan Arnt Øystein har vore i andre oppdrag no.  Og Elfinn driv med skogsveg på Fiveland.

På Finnflot er det stadig framgang og i morgon vert det støypt pilarar på igjen. Godt å sjå at eige produsert systemforskaling verkar som den skulle!

I Tysse går det sin gong med arrondering og tilordning, og etter kvart vert og røyrgata kobla til nede ved stasjonen, ved inntaket vert det sett på montering av lukehus no snart.

Hjå Morten Brekke i Kvaløy har me ordna nokre plenareal, og hjå Hindrumsen på Brekke har me klargjort tomt for dobbel garasje og nytt vann og avløtil bustaden. For Statens vegvesen har me ordna til noko ved Tverråna bru, og blant anna laga parkeringsplass for hyttene i Tengdal.

 

Nye oppdrag

Sjølv om det er travelt for tida, må me fortsatt arbeida for å skaffe nye oppdrag. Me reknar på to større VA jobbar for Sauda Kommune. Og me har fått oppdrag med å grave opp rundt 5000 m3 frå Slettedalsvatnet som skal nyttast til skiløyper i Slettedalen. Massen skal lagrast på parkeringsplassen der oppe fram til jobben med løypelaging startar. 

Me har og fått ein jobb med å setja opp en steinmur og utviding av veg og tun hjå Edgar Fosstveit.

Elles har me vore i dialog med, og gitt tilbod til nokre større entreprenører for den neste grunnarbeidsjobben for Statnett. Dette kan komme i gong til vinteren, men me må sjølvsagt sjå kven som vinn oppdraget først.

 

Saudadagar og jubileumsmarkering i fantastisk sommarvær!

Det vart ei flott helg for Saudadagar og så også for vår markering i sentrum av 50års jubileet vårt. Fantastisk mykje folk og liv i gatene på laurdag! Stor takk til Brynes konditori for levering av kaker og kaffi, og til Kiwi for lån av parkeringsplassen!

HMS

Påminning om personleg verneutstyr denne gongen, hugs briller, hjelm, vernesko, støvmaske osv. ved behov.

 

 

Me Gratulerer med dagen til Heidi på laurdag 3. juni!

 

 

Ha ei god veke!