1/6/2018

BS Nytt veke 22

Me har det travelt i varmen, for oss er været bra, sjølv om det og gir nokre utfordringar som støving og skogbrannfare.

På Finnflot støyper me ein ny seksjon på damkrona i dag og i tillegg er det montert frostveggelementer. Kabalen for sommaren er på plass, og det vert drift på  prosjektet gjennom heile ferieperioden. Me får god hjelp frå sommarvikarane Sigrid Fiveland, som starta denne veka og Simen Lillehammer som byrjar på måndag.

I Åsane Hyttegrend  er me no i gong med betongarbeida til hytte for Ola Martin og Eva Karin.

I Svandalen  er me i gong med grunnarbeida for Haugane hyttefelt trinn 3. Vetle byrjar med uttak av massar til bruk seinare i opparbeidinga av feltet.

På Elvatun har me denne veka vorte ferdige med betongarbeida på 4 carportar og støttemur mot nabo.

I Herheimsdalen er grunnarbeida godt i gong for hytte til Sigmund Fiveland.

I Åbødalsveien er det fullt kjør om dagen legging av fjernvarmerøyr og prosjektet elles.

 

Statnett arbeid

For Stangeland på Statnett Austerheim er det fortsatt to gravemaskinar frå oss, men i neste veke vil me ha oppstart på Vatndalsvegen for Statnett, og Elfinn vert då flytte dit. Også Bjørn Tore vil starte opp på Vatndalsvegen. I dag er han På Birkeland og fullfører baseplassen for Statnett der.

 

Ny Vaskeplass på Blandeverket.

Den nye vaskeplassen på blandeverket får gode skussmål frå sjåførane våre. Hadde ein på tråden som var glad for den og vil gi honnør til Dag Magne og alle involverte som har fått denne på plass og i funksjon!

 

 

HMS

Skogbrannfaren er ekstrem for tida, og Sauda Kommune var på tråden med ei åtvaring tidleg denne veka.

Fint om alle sjekkar at brannslukkeutstyr er i orden, og at me er ekstra varsame med arbeid som kan medføre gnistar i felt.

 

Gratulera med overstått  med dagen til Tommy som vart 30års jubilant i går!! Og til Heidi som fyller året på Søndag!

 

Ha ei god veke!