9/6/2017

BS-NYTT veke 23

Ein del surt vær denne veka, men arbeida må halde fra hjå oss, og det gjer me!

Arbeida på Eramet har gått veldig bra

På Eramet har me gjort eit intensivt arbeid også denne veka, og det skal støypast i løpet av kvelden, eller natta.

I Tysse skal røyrgata no leggjast siste del fram til inntaksdam, og etter kvart skal den og koplast til ved inntaket.

På Finnflot går det og stadig framover, og i morgon skal det støypast på den eine atthalds-dammen.

I Slettedalen er me i full gong med å flytta massar frå vatnet til mellomlagring, som me nemnde i førre veke.

Me har stadige større og mindre forespørslar på mogleg framtidige oppdrag. Mykje av det større er i Statnettregi.


Inntil vidare kunne me tenke oss meir forspørslar om betongarbeid til seinhaust og vinter. Finnflot og meir er jo altoppslukande frå til om lag november, men etter det har me, slik det er no, ledig kapasitet for bygg og betong avdelinga.

 

Betongleveransar i år.

Me ser at det aukar på med levering av betong frå blandeverket, og det vert nok ekstra travle månader med dette no framover.

HMS

Innanfor temaet ergonomi er det blandt anna viktig med gode arbeidsstillingar. Ikkje minst gjeld dette ved langvarig einsformige stillingar som blandt anna for oss kontorfolk og maskinførerar. Blandt anna er det svært uheldig å køyre gravemaskin medan ein sit med beina i kryss. Det kan væra fint å minna kvarandre om dette frå tid til annan.

 

 

 Me Gratulerer med Ove og Øyvind som begge fyller år på søndag!

 

 Ha ei god veke!