11/6/2018

BS Nytt veke 23

Fortsatt har det vore tørt og fint vær, og me har mykje å henge fingrane i

Då er me i gong med veg Vatndalen for Statnett. Arbeida starta opp onsdag med maskinflytting frå morgonen av. Elfinn og Bjørn Tore er no i full gong med gravearbeida. For Skoginga har me leigd inn Tysseland Skog og vedlikehald AS, med Anders Tysseland.

Elfinn ryddar dei hogde trea ut av vegtraseen med klypa på maskinen.

Skogbrannfaren er ekstrem noko me vart vitne til i oppstartsmøtet med Statnett tysdag ettermiddag, då me fekk sjå brannen som starta ut av vindauga på møtelokala. Me har tiltak for våre arbeider, men håpar det varsla regnet kjem på søndag for å minske den generelle fara for skogbrann!

 

På Finnflot vart det ny støyp på damkrona torsdag, og me monterer også elementer på frostveggen..

 

I Åsane Hyttegrend  er me no ferdige med betongarbeida til hytta der.

I Svandal er Vetle no i gong med graving i sjølve hyttefeltet for Haugane 3.

På Elvatun har me denne veka drive med klargjering for asfalt.

 

I Herheimsdalen er betongarbeida godt i gong for hytte til Sigmund Fiveland.

 I Åbøbyen er det fortsatt høg aktivitet med VA arbeida for sauda Kommune og legging av fjernvarme.

 

 

 

HMS

Minner om at det er viktig å sperre av / markere, djupe hull osv der me har aktivitet. Dette kan også gjelde ute i terreng dersom det er turterreng, eller for eksempel husdyr i området.

 

 

Gratulera med med dagen til Øyvind og Ove på måndag!

 

Ha ei god veke!