16/6/2017

BS-NYTT veke 24

Store og mindre oppdrag går sin gong!

Mesteparten av styrken innan Bygg og betong avdelinga er engasjerte på Finnflot, og i tillegg mange som me leiger inn. To av våre eigne har me hatt på Eramet i høve stansen der og nokre mindre jobbar i forbindelse med den.

Også denne veka har me vore engasjerte for Veidekke.

Hjå Jostein Hindrumsen støyper me grunnmur til garasje i dag, og vil i neste veke få utført resten av betongarbeida med støyp av golv og nokre fundamenter – vegger.

Me satsar på å få starta med grovknusing av massar neste veke.

Elfinn lagar traktorveg på Fiveland for Gjermund fram mot ferie og vil forsetta med det etter ferien.

Fortsatt er det arbeida med Dam Finnflot som krev mest av våre ressursar, og me har også denne veka hatt god framdrift her. Det blei støypt ein ny hovedpilar i går, og alt gjekk bra. Vidare er det no blitt veg ned til dagens vannstand i Finnflot, og forberedelsane er gjort for å kunne komme vidare når vannstanden synk til månadskifte.

På atthaldsdammane er mykje av armeringa gjort også på hovedseksjonen, og forskalinga er komen i gong.

I Slettedalen fortset me arbeida med å flytte massar opp frå vatnet. Me har nå fått opp ca 3000m3 og håpar på å få opp noko til neste veke også.

Me er no ferdig med røyrlegging på Eramet, noko gjenfylling og oppussing gjenstår. Neste veke får me satt kantstein inn mot plenareal her før me legg ut jord og får sådd plen igjen.

I Tysse har det vore noko ferieavvikling og mindre aktivitet denne veka. Det er no berre nokre kortrøyr igjen inn mot inntaket, og eit par dagars jobb, så er røyrgata komplett. Vidare blir det nokre kabelgrøfter og kabellegging, samt sluttarrondering som skal skje utover sommaren.

På Dam Svartavatn er AF no i full gong med resten av arbeida frå i fjor. Me leverte betong der laurdag, og det skal og støypast i dag fredag. Me har og eit par mann der som fullfører boltearbeida som me var engasjerte  med i fjor.

Det er stadig betongleveransar på Svartevatnet for AF. Formene her på biletet skal støypes i dag. Det blir også gravearbeider med  graving for stillaser og oppstillingsplasser for lifter med mer her.

 

Levert tilbod til Sauda Kommune.

Me har i dag levert vårt tilbod på VA Åbødalen – Djupadalen til Sauda Kommune. Det vert spanande å sjå korleis dette går. Neste veke skal me levera tilbod på neste VA Jobb til kommunen som gjeld Åbødalsveien/Wergelandsveien.

 

Prosjektet ny Luke Breiavatn nominert til HMS Pris.

Hyggelig melding frå Statkraft om prosjektet ny luke Breiavatn i Tyssedal. Der me var involverte som underentreprenør til Weldone. Prosjektet er nå nominert til Statkrafts HMS pris 2017. Det er sterk konkurranse om å vinne denne, men kjekt at det vart nominert!

 

 

Me gratulerar Toril som fyller år på onsdag!

 

 

Ha ei god veke!