15/6/2018

BS Nytt veke 24

Det vart regnvær,så me slepp bekymring for skogbrann, ellers går det for full hjå oss no fram mot ferien.

På Finnflot fekk me støypt ein ny seksjon med støypevogna til damkrona på onsdag, no har me mål om klare å støye to seksjonar i veka vidare, og i tillegg montere frostveggselementer.

Me har god hjelp frå Simen Lillehammer og Sigrid Fiveland som begge er ferdig utdanna ingeniørar, men har sommarjobb hjå oss før dei tek fatt på yrkesvegen vidare.

For Stangeland har me no mot slutten av veka starta med rigg av utstyr og montering av salinger for støttemur.

I tillegg er jo fortsatt Tommy i drift med maskina si der.

Hjå Eirik Birkeland har me denne veka støypt ein støttemur bak huset som i tillegg skal fungera som fundament til ein stor og fin vestvendt terasse.

I Vatnedalen er det no sprengt noko, slik at me har massar å jobbe med, og me er godt i gong med anleggsveg for arbeida vidare innover.

 

På Eramet har me etablert fundamentplater til ny pluggekanon til omn 11, og ein meislejobb på vaskeriet til Effektiv renhold.

Bjørn Andre er i mål med arbeida for Saudefaldene rundt Svartkulp kraftstasjon, og fortset no med resten av arbeida ved dam Svartavatn for AF.

I Herheimsdalen er betongarbeida i ferd å bli ferdige for hytte til Sigmund Fiveland. Det vert støyping av golv i dag.

I Grustaket er me no i mål med jordsortering før regnet kom og har nok på lager for dette året.

Det går ein del massar og særleg pukk/singel 8-16mm går det mykje av.

Me har levert ein del massar til Stangeland for arbeida dei har for Statnett.

På Kleivane er me no i mål med vinsjeplassen som me har laga for Statnett her.

 

Rotortilt

Me fakturerer ekstra for bruk av rotortilt og denne har betydeleg driftskostnad på grunn av slitasje. Hugs derfor å tav av rotortilt der den ikkje trengs.

 

HMS

Ferietid kan gi seine kveldar og mykje bilkøyring. Hugs at det er farleg å køyra dersom du er trøytt!

Gratulera med med dagen til Toril torsdag 21/6!

 

Ha ei god veke!