23/6/2017

BS-NYTT veke 25

Arbeid med skiløyper og elles høg aktivitet.

Grøfta for prosessvatn på Eramet nærmar seg no ferdig, og det vert no lagt kantstein. 

Hjå Olaf Årthun lagar me ein mur med elvestein.

I Slettedalen har me no tatt opp massar som skal leggjast på lager inntil ein er klar til å lage nye skiløyper. Også mellom Lyngmyr og Nordstøldalen gjer me arbeid på løypetraseen.

På Finnflot har me god framdrift på arbeida og skal støype ein ny pilar i morgon. Dermed har me støypt to pilarar denne veka. Og i tillegg første del på massivdam oppstrøms i søre del.

Her er sammenkoblinga av røyrgata på Tysse, med andre ord er me no i mål med nær 2 km røyr etter 102 dagar! Flott innsats på anlegget.

Hjå Jostein Hindrumsen er betongarbeida ferdige denne veka, men me har noko tilbakefylling og planering att, samt noko grøftearbeid. 

På Ambulansestasjonen på Vangsnes støyper me gulv i garasjane i dag. Dette gjer me på gamlemåten med oppliring sidan det skal være fall i fire retningar.

På Blandeverket er det travelt med levering av betong for tida, og det kan vera utfordringar når fleire kundar vil ha levering på same tid. Hugs å bestill betong i god tid!

 

Nye oppdrag

Samstundes som det er mykje aktivitet og travelt om dagen, er det viktig å tenkje framover. Me arbeider stadig med å skaffe nye oppdrag. Denne veka har me levert to VA tilbod til Sauda Kommune, og tilbod på rammeavtale til Haugaland Kraft. Med deltok og på synfaring på Statnett saman med store utanlandske og norske leverandører av ny transformatorstasjon.

 

 

Gratulera til Johnny som fyller året i dag ! Og gratulera til Atle med hans dag på måndag !

 

Ha ei god veke!