22/6/2018

BS Nytt veke 25

Det går mot ferietid, og me er endeleg komne i gong med betongarbeida på Austerheim for Stangeland og Statnett

For Stangeland inne på Statnett Austerheim  er me no i gong med arbeida med støttemuren som skal på plass der. I går støypte me første fundament for muren.

Tommy er fortsatt i full drift med gravemaskin der.

 

I Åbødalsveien er me no i ferd med å lukke gata, me ordnar også nokre plenar og det vert montert kantstein over helga.

 

I Vatnedalen er det full framdrift og me har no fått opp ein dumper for massetransport. Stien innover som var tildekt med felte trer er no rydda og framkommeleg igjen.

 

På Finnflot fekk me støyp på ny i går og igjen og også på måndag, dermed har me denne veka klart to støypar som er veldig bra!

Bjørn Andre er på plass på Svartavatn igjen og skal no fullføre tilordninga etter anleggsarbeidet med rehabilitering av dam.

I Svandal er fortsatt Vetle i gong med opparbeidelse av hyttefeltet Haugane 3.

Ved Folkets hus har me endra litt på radius i krysset og klargjort for asfaltering av parkeringsplassen mot Mogata.

 

Hjå Eirk Birkeland har me fyllt inntil støttemuren at og tilordna litt generelt etter arbeida me har gjort der.

I åbødalsvegen 30 har me gjort betongarbeid med isolert ringmur og plate til anneks for Alexander Teigen.

 

Opning av gruvestien i Almannajuvet

Gruvestien i Almannajuvet vart offisielt opna av ordføraren vår onsdag og blant anna NRK Rogaland var til stades med dekning av dette. Dermed er Almannajuvet meir komplett som turistattraksjon med moglegheit for turar langs stien og guida turar til gruvene. Dette har vore eit prosjekt der fleire lokale verksemder har fått utført sine fagområder, med eit flott resultat!

Synfaring ny straumforsyning til Ramnafjell

Onsdag var Rolf og Rune med Statkraft på synfaring for ny straumkabel til Ravnafjell i Svandal. Kabelen som vart gravd nedpå 70 - 80 talet var organisert gjennom Brødrene Selvik, og mykje av arbeida vart gjort på dugnad av idrettslaget med blant andre Irwin Birkeland i spissen, og eit større antall ungdom var med.

Dette er ein krevjande grøftetrasé der monge faktorar vil spela inn. Me får sjå om me vinn fram med eit anbod på dette.

HMS

Det er viktig at me sikrar våre arbeidsområder. Det vart tatt godt initiativ frå oss til dette då me starta betongarbeida for  Stangeland på Statnett Austarheim.

 

6 ganger 10 Hurraaa! For Johnny i dag – Gratulera så mykje med dagen !

 

Ha ei god veke!