7/7/2017

BS NYTT veke 26/27

Høg aktivitet før ferietida startar

Me har svingande vær, men fekk ein del godt og sommarleg  vær no, og har god framdrift i jobbane våre, sjølv om ferietida også er i gong. 

På Finnflot er det støyp eit par gonger i veka for tida. Denne veka vart det støypt pilar og noko på fangdam måndag og torsdag ein større støyp på fangdam. Me hadde en storstøyp på Atthaldsdammen i går. Me er no ferdig med desse og her gjenstår det no begge opprydding.

På  Svartavatn er det nokre støypar mot slutten veka no, men så skal AF avvikle fellesferie. Me skal ha litt aktivitet med gravemaskin der i ferien.

Hjå Ove Løvik har me satt opp ein steinmur.

På Eramet har me avslutta arbeida med grøft, og ordna med plen over.

I Tysse er det lagt hovudstraumkabel frå stasjon og opp til høgspentmast, og også fiberkabel. Det er og starta opparbeidelse av veg og riggområde og jorde ved stasjon, samt gjort førebuingar for å leggja tilbake traseen oppover bak stasjonen.

Me har også hatt oppdrag frå stiftelsen Tinghaug med å støype ei isolert  fundamentplate til lysthuset ”Diamanten”.

På idrettsbanen er me i gong med betongarbeidene til ny tribune.     

Me har fått ny hjullaster til erstatning for vår gamle Volvo L-50 som gikk i innbytte.

Caten har samme størrelse som L-50en, ca 9 tonn.

Me har full produksjon i Sandtaket av pukk og grus

 Vetle er nå på Norsk Stein medan Olav er på ferie.

VA Åbødalsvegen - Wergelandsvegen

Her ser me at me med knapp margin klarte å vinne denne VA jobben for Sauda Kommune.

HMS

Me minner igjen om kor viktig det er å vera merksam i trafikken både med storbil, småbil og anleggsmaskin. Me har stor trafikk med betong og masseleveransar, og me må avpasse fart og være merksame. Nemner spesielt tettbygde strok og mjuke trafikantar denne gongen.

 

 

Gratulera til Tomas som fyller år torsdag, og som har sin siste arbeidsdag hjå oss i morgon, Tomas vil flytta austover og har skaffa seg arbeid der.

Me takkar for innsatsen desse åra du har vore hjå oss!

 

 

Ha ei god veke!