14/7/2017

BS nytt veke 28

Det vert arbeidd godt, sjølv om monge no har ferie. På rekning av nye anbod er der også litt å henga fingrane i.

Me held jula i gong, sjølv om me har ferieavvikling.

Det er oppdraget vårt på Finnflot som krev mest ressursar også no i ferietida. Denne veka var det støyping på måndag, og  me støyper også i dag.

Denne veka har me og hatt ymse arbeid på Eramet. Me har gjort reparasjons støyp på vegg i packing og fjerning av betongvegg i omnshus.

For Sauda idrettslag har me støypt over halvparten på tribunane på stadion.

I Tysse driv me med terrengarrondering langs veg og rundt stasjonsområde. Det er harping av jord på hovudriggområdet og me har bora eit hål for jording ved inntak. Me har også sådd til noko meir i traseen for røyrgrøfta.

 

Anbodsrekning I ferien

Me arbeidar med rekning på fleire nye anbod også no i ferien. Det skal gjerast ein utvidelse av vegen mellom Sandeid og Ilsneset for Statens vegvesen.

I Slettedalen skal Sauda IL, langrennsgruppa, utvida løypenettet, og Sauda Kommune har lyst ut ei utviding av industrikaien i Saudasjøen.

Gratulera til Jan Erik som fyller året på søndag :-) !