20/7/2017

BS Nytt veke 29

Det er støyping på Finnflot og ein del levering av betong ellers som gir oss mest aktivitet i ferietida

Fortsatt ferietid og skikkelig sommarvær, og nokre jobbar i varmen.

Fortsatt er me midt i den tida når mange har ferie, og no vart det godt vær og temperatur. Det er fortsatt Finnflot som me har mest aktivitet på, men og i Tysse held me framdrift no i ferietida.

På Finnflot er det støyping  i dag, og me støypte og der på måndag. Generelt har me hatt ein del levering av betong denne veka. Tydeleg at enkelte nyttar ferietida til diverse prosjekt på hytter hus og naust osv. Hjå oss prøvar me å levere med kvalitet til alle kundar.

 

Frå i fjor på same tid:

«Me fekk sommartemperatur igjen denne veka. Me er no i full avvikling av sommarferie, men har framleis ein del på arbeid også. Det er først og fremst på Dam Svartavatn det er aktivitet om dagen. Her har me ein god gjeng på arbeid med reinsk og boltar for tida, og me ligg no godt an med denne jobben, som etter kvart nærmar seg innspurten. Det har og vore leveransar av betong, den største denne veka var i går – torsdag. 

Me held og aktiviteten i gong i Tysse der Olav, Tommy og Kjell legg røyr, og prøver no å krysse elva med røyra. Noko utfordrande har det vore med vassføringa i elva, men alt løyser seg!

Det nærmar seg start av arbeida på Dam Finnflot, og Rune har vore på eit par utflukter opp dit denne veka, for innmåling, og ein ekstra synfaring saman med Ole Håkon frå Saudefaldene.

Sauda Kommune har kome med utlysning av tilbygget til Folkets hus og me vil delta på befaring på dette i starten av august.»

 

HMS

Ein mann omkom i ei ulykke i eit steinbrudd i Telemark forrige veke. Det skal visstnok dreie seg om eit dekkskift. Der dekket til ein dumper eksploderte. Viktig å være klar over også denne faren.

 

 

Me gratulerer Nils Gunnar med dagen neste torsdag.

 

Ha ei god veke!