20/1/2017

BS-NYTT veke 3

Etter ei kald og fin vinterhelg og måndag, vart det igjen mildvær. Vi har god driv i prosjekta våre!

Ny støyp i Tysse denne veka

I Tysse blir det støyping att på torsdag, og det formar seg no til nede ved kraftstasjonen. Også i røyrgata er det god fart i mykje greiare terreng for tida. Denne veka vert det lagt nærare 100 meter. Målet vert å komme i mål med røyrgata i mars, og få gjort resten av betongarbeida ved inntaket i april.

På Kårstø er fortsatt gjengen på fire frå oss i full drift. Det går mot innspurt og blir nok siste veka neste veke.

På Folkets Hus har me fortsatt grunnarbeid, og leverer i tillegg betong til AS Forskaling som står for betongarbeida.

Berge Sag tingar oss til oppstart av betongarbeida på Vangsnes allereie neste veke, om det blir det, eller enda ei veke til får me sjå, men me førebur oss uansett på dette no.

Eramet har og tinga 460m2 steinlegging i ovnshus 3, med snarleg oppstart. Det er og andre saker me gir tilbod til der.

Me har og andre tilbod som er under utarbeiding. Blant anna arbeidar me med tilbod til Sauda Kommune på VA Fløgstadneset.

Ny Hjullastar?

I Grustaket går det for fullt om dagen, og me hentar inn tilbod på ein ny hjullastar til erstatning for Cat hjullastaren. Me har Hitachi på prøve no, men har og tilbod frå andre merker som me vil prøvekjøre.

Ukas tips!

No på vinteren blir ein del utsyr ståande lagra utandørs, og det er då viktig å dekke til med presenning, måke snø av og til osv. Slik at ein tek best mogleg vare på det sjølv om det er midletidig lagra.

HMS

Ta deg ein trimtur! 

Rundehaugen, eller andre turar i friluft og terreng kan anbefalast, men og annan aktivitet som skitur, eller ein dag med familien i Skitrekka i Svandalen kan anbefalast. Det er godt å få bevegt kroppen på anna måte enn det arbeid krev av og til.

(Skrytebilde av dagleg leiar, tatt av Per Inge Fjellheim, er på skitur i Nordstøldalen med Maria i ski-vogn )

NB! 10 dagskort vaksen har me fått for litt sponsing til skitrekket. Kan hentast i administrasjonen – Første mann til mølla, 1 kort pr ansatt i første omgang.

Me gratulere Rolf med dagen i dag, og Dag Magne med stor dag på måndag, 5 x 10 Hurra!!

Ha ei god veke!