28/7/2017

BS NYTT veke 30

Snart er monge av våre attende frå ferie, og me har høg aktivitet.

Det vert høg aktivitet for dei som kjem att etter ferie.

På Finnflot vert det no ekstra innsats på vassida av dam. Me har også denne veka hatt støyp av ein pilar. Det vert no trappa ned på arbeid med pilarane, medan ein vil prøve å forsere på vassida. Det er enda ei veke med betydelig ferieavvikling for bygg og betong gjengen. Men frå måndag i veke 32 er dei fleste attende.

På Dam Svartavatn har AF avvikling av ferie og ingen aktivitet, men me har nytta dette til å gjere diverse arbeider og hadde ein stor støyp på  136m3 i går. Dette var ein avrettingsstøyp etter reinsking rundt nokre av pilarane som gav djupe groper. På måndag kjem AF attende frå sin ferieavvikling, og det vert då kvar veke betonglevering til pilarstøypar.

I Tysse er me som tidligare nevnt i avrundingsfasen med heile prosjektet, men fortsatt skal det ordnast til ein del etter anleggsdrifta. Blant anna skal vegen opp til inntak grusast, og den kommunale vegen skal stykkvis asfalterast.

Frå måndag i veke 32 startar me opp eit nytt prosjekt for Saudefaldene – sikring av vannveg Stasjon 1 frå dam Dalvatn. Prosjektet krev ein del ekstra rigg, og blant anna arbeidsflåte. Det må også styrast i forhold til vassvolum i vatnet. Dette er godt planlagt saman med byggherre og kunde som altså er Saudefaldene.

 

HMS

Mobiltelefon skal kun nyttast når bil, eller maskin står i ro, eller ein må han installert godkjent handsfree system kjøretøyet. Merksemd er eit av dei viktigaste tiltak og barrierer mot trafikkuhell, og uhell med maskinarbeid.

 

 

Me gratulerer Arnt Øystein med 40 årsdagen hans onsdag 2. august :-) !

 

Ha ei god veke!