4/8/2017

BS-NYTT veke 31

Det er framleis ein god del av ”gutta” som har ferie men me held god drift på felire prosjekt i regnværet.

Arbeida på oppstrøms dam på Finnflot går sin gang med armering og støyping samt klargjering for arbeida rundt tappeluka. 

På idrettsplassen har me støypt siste trinn på tribunen.

Me er i gong med arbeider ved Folkets hus igjen, ferdigstilling av gulver for støyp, kabelgrøfter for strømforsyning og gatelys, parkeringsarealer og inngangsparti mot Skulegata har det blitt jobba med.

 

I grustaket grovknusar me og finknusar massane vidare til grus 0-32mm og pukk 32-64mm. på øvre plan.

Vaskeanlegget for betongtilslag har blitt kjørt noko.

Me fikk også sortert til eit parti med elvestein og fleire vogntoglass blei levert ut på Haugalandet denne uka.