3/8/2018

BS Nytt veke 31

Fortsatt er det ferieavvikling hjå oss, men noko meir drift har me hatt denne veka

Fortsatt er det ferieavvikling hjå oss. Prosjekta Saudapakken og Vatndalsvegen for Statnett står i ro på grun av dette, men vert starta opp att over helga. Også støttemuren for Stangeland  på Statnett Austerheim har stått stilt, og vil gjere det også neste veke.

Frå Norsk Stein vil Olav med maskin flytte heim til Sauda over helga. Han vil då starte opp med Saudapakken prosjektet for Statnett i Raundalen.

I Åbøbyen er det no Wergelandsvegen det er gang på i VA prosjektet der.

Me har i tillegg laga ein parkeringsplass for Norox eigedom AS som har eit prosjekt på gang på Åbø 2.

I Svandal vart det også stopp denne veka på grunn av ferie hjå underleverandører, og også for å få dei siste dokumenta på plass til byggesøknaden, slik at heile prosjektet med grunnarbeida no er klart for å fullførast. Me starta opp att på måndag i Svandal.

Den største jobben me har drive gjennom sommaren er dam Finnflot for Saudefaldene. Her har det vore svært god drift gjennom sommaren, og betongarbeida ligg an til å bli ferdige i løpet av eit par veker.

 

I går var me på langtur til Vågslid med eit lass betong til Ola Marvik, han fekk og litt hjelp av betongarbeidar Wojciech til det som skulle støypast.

 

Me jobbar hardt elles for å skaffe nye oppdrag til haust og vinter, og har kontakt med fleire aktuelle byggherrar om komande prosjekt. Diverre har me ikkje vunne noko konkret så langt, men me står på vidare!

 

 

 

HMS :

Mobiltelefon skal kun nyttast når bil, eller maskin står i ro, eller ein må han installert godkjent handsfree system kjøretøyet. Merksemd er eit av dei viktigaste tiltak og barrierer mot trafikkuhell, og uhell med maskinarbeid.

 

Ha ei god veke!