11/8/2017

BS-NYTT veke 32

Nå er flesteparten tilbake igjen etter ferien, opplada og klar for innsats:)

Det dreiar seg no mest om dam Finnflot der me denne veka har støypt felt 6 og botn i inntak til tappeluka. 

På Eramet har me hatt ein reparasjons jobb med støyp av nytt dekke og endevegg i en binge til ferdigvaren.

Me har også starta med diverse betongarbeid hos Rune Skåle og støypt noen garasje-gulv med overflatebehandling.  

I prosjektet med sikring av vannveg til Sauda 1 for Saudefaldene har me starta arbeida med rigg av utstyr fram til Dalvatn og vil i neste uke starta med grunnarbeida på riggområdet ved dammen.   

På Folkets hus har me fått gjort mykje og nå er det klart til å begynne med støyp av amfitrapp mot parkeringsplass for å ta høyden mellom parkeringsplass og inngang.    

Det blir asfaltering mot slutten av neste veke som gjer at me har fleire plassar som må klargjerast.

 

På Tysse fortset me å pusse opp terrenget i rørgata.

 

I grustaket grov og finknusar me for fullt. No er det Bærelagsgrus 0-32mm og pukk 32-64mm som blir produsert av dei grovknuste massane.

 

Olav blir liten i steinbruddet til Norsk stein på Jelsa, han ses opp i venstre side av bildet.

Me vil gratulere Gunstein med dagen på søndag, Margrete på mandag og Rune på torsdag!

Ha ei god helg!