25/8/2017

BS-NYTT veke 34

Dei fleste ressursane våre er på Finnflot og Dalvatn denne veka, men me har også andre prosjekt som held oss opptekne.

Denne veka er ganske lik som forrige med mykje aktivitet på Finnflåt og sikring av vannveg til stasjon på Dalvatn.

Me har i tillegg nokon mindre jobbar på Eramet, betongarbeider hos Rune Skåle og parkering til nye Folkets Hus.

På Dalvatn vart Vannstanden senket heilt ned til LRV (Laveste regulerte vannstand) nå i slutten av denne veka, og vi har fått gjort mykje godt tilretteleggingsarbeite for å gjennomføre hovudjobben med støyping av propp foran tunnelen. Melding med mykje regn neste veke tyder midlertideg at det kan verta noko stans før me får med dykkerar og er klar for neste fase.

På Elvatun har med no rive bygget som stod der og er snart klare for å starte grunnarbeida til dei nye leilegheitane som kjem her.

På Tysse har me no arrondert ferdig rundt inntaksdammen, og øvre trase inklusive riggområder. Det som gjenstår er arrondering av masseuttak og delar av midt-trase samt hovudriggen (jordet) nede ved den kommunale vegen. NVE skal kome på befaring neste fredag for å se over avslutninga.

Grillfest!

I dag blir det grillfest for den fine gjengen vår! Me glede oss!

Ha ei god helg!