1/9/2017

BS-NYTT veke 35

Me har fortsatt full trøkk på arbeida ved Dam Finnflot og vannveg til stasjon1 på Dalvatn

På Finnflot har me har hatt støyp også denne veka, og nokre av mannskapet der er no flytta til andre stader. 

På nye Folkets Hus driv me betongarbeid for trapp- amfi til parkeringsplassen.

På Tysse er det fortsatt arrondering og opprydding, og ein ekstra milepæl i dag med gjennomgang av heile anlegget saman med NVE, me trur og vonar det går godt!

Diverse prosjekt

Me fullfører no bustadtomta til Haraldsen opp ved Maldalsvegen, og Elfinn driv fortsatt med skogsveg i Fivelandsomådet.

Levering av betong er det og stadig. Damprosjekta på Finnflot og Svartavatn krev sitt volum, men me har og godt med andre typer levering. Blant anna støyper me for ny bustad på Andersengja i dag.

Den nye pumpebilen er no klar for levering, og me må bare får organisert henting og opplæring no over helga.

Me har også blitt engasjerte av Eramet for diverse arbeid der.

Det er hektisk arbeid på anbodsfronten for tida, og me arbeider hardt og målretta for å skaffe oss oppdrag til seinhaust og vinter. Det skal leverast eit titals anbod no framover.

 

Oppstart gruvesti

Sauda Kommune melder no at det er klart for oss til å starte opp arbeida med gruvestien i Almannajuvet. Det skal bli interessant å følgje dette arbeidet mot ein savna gruvesti som nok er ei viktig brikke av totalopplevinga i Almannajuvet!

 

HMS

Det er viktig å være obs på å bruke skikkelige sko som er knytta og stødige. Hjå oss ska me kun bruke vernesko, men husk å feste dei skikkelig. Dersom ein bruker tresko med vernetå(sjåførar), vær obs når du skal ut av maskin/ bil og bruk trinn og ha festa stroppa bak hel. Det er fort gjort å trø skeivt, eller miste balansen og det kan i verste fall føre til beinbrot.

Julebord

Me har reservert for julebord på Sauda Fjord Hotel fredag 8. desmeber. Så no er det bare å setje av datoen og melde seg på til nokon av oss i administrasjonen!

 

Gratulera til Ole Magnus med dagen på søndag!

 

Ha ei god veke!