15/9/2017

BS Nytt veke 37

Me er i gong med gruvevegen i Almannajuvet, og fortset i andre prosjekt. Diverre fekk me og ei skade på person!

I gong med gruvestien i Almannajuvet,

Denne veka har me starta opp med arbeida på gruvestien i Almannajuvet. Det er krevjande arbeid som set høge krav til sikkerhet, men me er godt i gong. I går vart det støypt på to kritiske punkt, og me ser føre oss å koma eit godt stykkje vidare i neste veke.

På Finnflot har me fått støypt to platefelt også denne veka. Og me ser at me bør klara å komma i mål tidleg i oktober, og før vinteren truar for mykje. Ønsket er jo også å få støypt dei siste pilarane før vinteren. 

På Dalvatn er det støyping av propp i dag. Betongen vert frakta med helikopter, og det er snakk om ca 35m3, og ca 100 turar på piloten J. Litt skodd forsinka oppstarten i formiddag, men elles er det forventa å gjera støypen på ca 8 timar.

På Åbøland er me i gong med grunnarbeida til leiligheter kalt Elvatun for Ryfylke Bygg.

I Tysse går det i sluttarrondering, og me vil trappa enda meir ned mot endeleg sluttopprydding, til slutt vert det og grusing av vegen. Me reknar med det no nærmar seg at anlegget skal setjast i gong.

På Fiveland er Elfinn no snart på veg til å fullføra skogsvegen. Han har denne veka fått røyr til stikkrenner. Bustadtomta ved Maldalsvegen er no ferdig planert, og Gunstein skal over i nye oppdrag, første stopp vert Eramet, før det også i neste veke nok blir klart for oppstart av arbeida med VA i Åbødalsvegen.

 

Mulig arbeid til vinteren

Me arbeider med ein del kalkulering på nye jobbar om dagen. Me har sendt tilbod på betongarbeid til gang og sykkelveg i Ølensvåg til eit par større entreprenørar denne veka.

Arbeida med utviding av kai Saudasjøen er tildelinga ikkje avklart enda, men er nært føreståande.

Me har og nærmast klart eit tilbod på rehabilitering av Hålandsosen kai til Suldal Kommune.

Me kryssa fingrar for at noko av dette skal tilfalla oss.

 

HMS

Personskade!

Me fekk ein skade på person denne veka. Det var ein dieseltank som vart opna, på grunn av trykk i tanken spruta det diesel ut frå tanken som råka operatøren i augo. Det vart gitt førstehjelp med auge-skyljing, og den skada fekk behandling hjå legevakt. Det går bra med han, og han er i arbeid, men dette er absolutt noko me skal være obs på! Me kjem med nokre tiltak mot dette.

 

Proresult

Når du fører timane i proresult er lurt å sjekke «min side» etterpå, dobbelsjekke at du har ført rett ant. timar både i timefeltet og ordrefeltet.

 

Me gratulere Kjell med dagen på måndag J!

 

Ha ei god veke!