22/9/2017

BS-NYTT veke 38

Nye prosjekter startar opp, andre vert avslutta

No er me i gong med VA prosjektet i Åbødalsveien / Wergelandsveien. Publikum og trafikantar legg nok merke til varsla og skilta omkøyring. Vegen stenges på mandag.

I Tysse er me i ferd med å trappa ned mot avslutning, over helga vil ein av to gravemaskiner flytta seg til Svartavatn for å starta med opprydding og arrondering der.  Det går med andre ord mot ferdigstilling av betongarbeid, men det vert nok fortsatt nokre veker med levering av betong der oppe.

På Finnflot er fortsatt god framgang på damplata. Me støyper der igjen i dag, og oså tidligare i veka hadde me støyp der. Generelt er det tarvelt på betonglevering.

På grunn av mye betongtransport/leveranse er det redusert produksjon i sandtaket denne veka.

Arbeida med sikring av vassveg stasjon 1 går mot slutten, og alt materiell skal no var komne til riggområdet ved steintippen på Dalvatn.

På Eramet har me gjort reparasjonsarbeid ved sandsenger omn 11. Me har og hatt betongarbeid med ringmurar for garasjar. Blant anna i Tengesdal har me betongarbeid for garasje til Birger Tengesdal.

Ved Elvatun held me på med klargjering til betongarbeida til leilighetene som kjem her. Me er no snart ferdig med grunnarbeidet.

Arbeid på gruvestien i Allmannadjuvet:

 

HMS - kommunikasjon

Ein viktig del av HMS arbeidet er kommunikasjon. Dette er eit ord med vid tyding, men handlar om at eit bodskap skal formidlast frå ein sendar til ein mottakar. Undervegs kan det være ulike moment som påverkar, og formuleringar både skrivne og munnlege kan væra meir, eller mindre tydelege.

Eit tips for å sikre at ting er oppfatta som det var tenkt, er å følgje opp med nokre spørsmål for å sikre sams oppfatning av ei sak.

Ha ei god helg!