27/1/2017

BS-NYTT veke 4

Fortsatt har me eit gunstig vintervær for vår bransje, og me har god aktivitet i våre prosjekt.

Nye dieseltankar på Treaskjæret

Her på Treaskjæret har me hatt god framdrift på graving og sprenging for nye diseltankar,og det er no klart for støyp av forankringsplata i betong. Boringa leigde me denne gongen inn frå AS Forskaling.

Aktivitet fleire stader

På Folkets hus har me fortsatt gang på grunnarbeida. Me har hatt to gravemaskinar og lastebilar for kjøyring av massar der denne veka.

På Kårstø skulle det være siste veka for gjengen no, men tre stk fortsett også neste veke.

I Tysse har me og hatt god framdrift og støypte dekke på stasjonen i går. Me fekk og lagt 80 meter røyr denne veka.

Ny Pumpebil og sjåfør.

Etter erfaringar frå fjorårets sesong med mykje levering av ferdigbetong, og det meste med krav om pumping, har me tatt eit val om å investere i ny pumpebil for betong. Me vil behalde den pumpebilen me har, slik at me då får to betongpumper. Det vil nok også denne sesongen bli travelt med levering av betong, og me trur difor det er ein fordel med auka pumpekapasitet, og betre tryggleik for levering som to pumper gir.

Som sjåfør har no Stian Fløgstad vore på kurs for pumpebilsjåførar, og vil tre inn som dette i tillegg til Ole Magnus.

Førebuingane for sesong er me ikkje heilt i mål med enno, og me må raskt nå ta eit planleggingsmøte med dei som er mest involvert i betonglevering.

 

Finnflot

Ola Hårajuvet sender eit bilete frå Finnflot i går. Me ser det er lite snø og det kan bety rask start etter påske! 

HMS

Nokon punkter om kvifor ulykker skjer i anleggsbransjen til venstre her. Kan være greitt å ha med seg…

 

Me gratulere Margrete med 5 år hjå oss, og Rune Årthun med dagen på søndag!

 

Ha ei god veke!