26/1/2018

BS Nytt veke 4

Været har vore svært variert

I gong med arbeida for Statnett NSL i Kvilldal

Været har vore variert og ruskete denne veka, men me er komne godt i gong i Kvilldal likevel. Noko som var viktig for å sikra oss gjennomføring innan ganske tette tidsfristar  for arbeida som skal gjerast der (sjå dagens hovudbilete)

Me har fått støypt golvet i garasjen til Birger Tengesdal, og me har støypt for ein tett kum  til spyling av bilar og utstyr ved blandeverket (bilete over).

Arbeida med Transformatorstasjon 1 for Saudefaldene går og bra, og me har hatt eit par mindre støypar også der. Den siste no i skrivande strund.

I grustaket er me snart i mål med fjerning av storstein som ikkje kan knusast, og arealrydding for uttak av massar dette året.

Me har også fått grovknust ein del til nå i januar, som kan finkusast og sorterast vidare til ulike fraksjonar av pukk og grus (bilete over).

Denne veka har også godt med til førebuingar for dei intensive arbeida for Eramet kommande veker, og til oppstart for Stangeland Maskin som leiger oss inn som underentreprenør til deira arbeider for Statnett på Austerheim.

Våre 10 største kunder i 2017:

Våre 10 største leverandører 2017:

 

HMS

For arbeida i Kvilldal har me gjennomført ein stk SJA ( Sikker Jobb Analyse), og ein vernerunde denne veka. Begge fekk gode skussmål for gjennomføringa frå Statnett. For rapport og dokumentasjon har me nytta skjema for dette i Proresult. Dette forenklar og effektiviserer! Me kan nok skrive litt utfyllande i slike rapporter, slik at god gjennomføring også vert spegla i den skriftlege dokumentasjonen.

 

 

 

Ha ei god veke!