6/10/2017

BS Nytt Veke 40

Det vart kvitt i toppane og me har det travelt i mange ulike prosjekt om dagen

Vinteren viste seg i høgda!

Me fekk ein forsmak på vinter oppei fjellområda våre denne veka. Spesilet var me spente på korleis det skulle gå med gårsdagen støyp på damplata på Finnflot. Me fekk salta vegen opp frå Dalvatn onsdag ettermiddag, og sjølv om det var kvitt i terrenget var vegen bar.

På kvelden då støypen nærma seg avslutning var me svært uheldige og fekk brot i forskalinga. Dette er alle betongarbeideras skrekk! Heldigvis gjekk det etter forholda bra og ingen vart skada. Akutt spyling og oppreinsking vart utført, og me må sikra god kvalitet i fullføring av dette feltet. No må me og fokusera på neste felt slik at me,  til tross for denne hendinga, kjem i mål med vassida av dammen i haust.

På Svartavatnet er dei og i innspurten av betongarbeida no, og me er i gong med grunnarbeid for arrondering og tilordning.

Me har og aktivitet i Slettedalen for tida. På vegen innover er me godt i gong med forskaling og armering av brukars-fundament på to bruer. For Ryfylke Bygg har me grunnarbeid for hyttetomter i Grasberget hyttefelt.

Også på Elvatun har me arbeid for Ryfylke Bygg der klargjer me for golvstøyp til neste veke.

På Eramet har me også denne veka hatt noko ymse betongarbeid.

I Tysse er me no heilt i avslutningsfasen, kun grusing av veg på måndag er det som er att. Det skal også asfalterast noko i vegkryssing, og natusteinsblending av stasjonen skal Håkon Bjørndal ta no i haust.

På Gruvestien i Almannajuvet har det vore ras-sikring (fjerning av laust fjell) med klatrarar denne veka, og me er allereie i gong med reinsking etter dette. Me har og starta med å bora hol for gjerde, og produksjonen av stolpane går for fullt i verkstad.

Hjå Edgar Fosstveit lagar Elfinn fin natursteinsmur med stein frå Maldal.

I Åbødalsveien driv me fortsatt VA Arbeida for Sauda Kommune med god framdrift.

I går fekk me båt med grus frå Berakvam og har fått fylt på lager av denne i grustaket.

Me har fått bestilling på levering av noko massar til TT Anlegg som driv med etablering av nytt avfallsdeponi for Eramet på Kviå.

Også på Folkets Hus har me vore litt engasjerte att denne veka, med noko planering for trappa ved hovudinngang.

Endeleg vår tur att - på anbodsfronten - utvidelse av industri kai Saudasjøen!

Veldig kjekt, men me må sjølvsagt venta til klagefristen er ute før me er heilt sikre på dette.

 

Frå Eramet har me også fått bestilling på ein pumpekum ved Praxair.

Saman med VA prosjektet  Åbødalsvegen –Wergelandsvegen, gjer dette, hvis at alt går greitt, at vi no har litt ordrereserve for seinhaust og vinter, men me må sjølvsagt skaffe meir.

 

 Zonta var på triveleg bedriftsbesøk hjå oss i går kveld. Dei fekk ein liten presentasjon av kva me driv med i vår verksemd. Takk for besøket!

 

 

HMS

Det er haust og vinteren viste seg og snøen la seg på Røldalsvegen denne veka. Husk å ha kjettingar i orden om du køyrer storbil, og puss støvet av vinterdekka til privat, eller varebil !

 

 Gratulera til Elfinn med dagen din på måndag !

 

Ha ei god veke!