13/10/2017

BS Nytt Veke 41

Det held seg mildt noko som er bra for innspurten av arbeid til fjells

Passande mildvær for innspurt av arbeid til fjells!

Denne veka vart det mildvær igjen, noko som passa bra for innspurten av arbeida i fjellet. Me tenker då spesielt på Dam arbeida på Finnflot og Svartavatnet, med nedrigging og arrondering som no er i gong, spesielt på Svartavatnet. På Finnflot fekk me støypt det som skulle vore siste platestøypen på vassida av dammen. På grunn av forskalings brot førre veke. I Slettedalen er det god framgang på opprusting av bruer. Og me driv fortsatt og med grunnarbeid i Grasberget hyttefelt for Ryfylke Bygg AS

I Åbøbyen har me også denne veka hatt god framdrift på VA prosjektet for Sauda Kommune.

I Tysse vart me ferdige med grusing av veg på måndag med bra resultat.

Me har leid vekk betongpumpa (dem gamle) med sjåfør til Høyer Odda for oppdrag på Rauland og Seljestad eit par dagar denne veka.

Også denne veka har me hatt støyping på Elvatun for Ryfylke Bygg AS

HMS

Etter hendinga med dieselsprut i auger. Er et er no kjøpt inn flasker med auge-skyljing til å ha i alle maskinar. Fint om førerane sørgjer for å hente hjå Ove, og plassere det på høveleg stad i maskina.

 

 

Gratulera til Stein Vidar med dagen din på måndag !

 

Ha ei god veke!