20/10/2017

BS-NYTT Veke 42

Det er aktivitet fleire stader men me er framleis i innspurten på fjellprosjekta våre. No nærmar vinteren seg!

Betongarbeid

I Slettedalen støypte me ei bruplate denne veka og det pågår arbeider med forskaling og armering på bruoverbygget ved stølen til Handeland.

For Ryfylke bygg på Elvatun er arbeidene med ringmur og plate inkludert terrassar og svalgang ferdig denne veka. Nå pågår arbeid med støttemur og garasjar.

På Eramet har me arbeid med fundamenter til knusar på Svedala , denne jobben må utføras i løpet av helga når drifta på knusaren stoppar. 

På Finnflot har me nå fått klarert metode for å støype vidare der me fikk forskalingsbrudd og uønska støypeskøyt. Dette gjer at me reknar med å få støypt siste støyp på damplata onsdag. Me ligg nå godt an til også å få støypt siste pilar tirsdag, og klarer også å få med nokon av dei resterande frostveggfundamenta. Me har også fått ein tilleggsjobb knytta til vannmålingsanlegg i magasinet. På vannsida har me ellers rigga ned og grav no bort vegen nedi tappeløpet.

På gruvestien i Allmannajuvet har me støypt bro over det halvegs utraste juvet. Me er også kome i gong med faststøyping av gjerdestolpar i borda hol i fjellet (og delvis i støypte fundamenter der det ikkje er fjell). Fjellklatrarane driv no å sikrar fjellpartiet over, men det skal nærma seg klart, og da må me støypa nokon brofundamenter for ei trebru og ei stålbru som henholdsvis blir levert av Ryfylke Bygg og Weldone. Me har også fått ei tilleggsbestilling på nedleggjing av nokre stikkrenner for å drenera vegdekket og nokre ekstra gjerde for sikring.

På Nordelv bro er me i gong med en injeksjonsjobb for Statens Vegvesen – dei ynsker at vi forseglar svinnriss med tanke på å eliminere risiko for korrosjon fra salting av vegene. Reingjering er gjort, injeksjonen må skje når det er tørket opp. 

I går vart det støyping av trapper og rampe ved innganspartiet til Folkets Hus.

Gravearbeid

Elfinn vart ferdeg med steinmur hos Edgar Fosstveit denne veka. Han skal nå til Eramet og grave for ei større pumpekum her som skal plasstøypast. Det vart en fin mur og kunden fekk god vei og plass i forhold til slik det var før.

 

På Svartavatnet pågår det fjerning av masser for fullt, det er to gravemaskiner, dumper og lastebil her.

Me driv også med utbetring av vegen til Svartkulp

I Slettedalen er vi snart ferdig med de første 2 hyttetomtene i Grasberget hyttefelt for Ryfylke bygg, vi skal grave for en tomt til og gruse veien her.

 

I Åbødalsvegen går det i grøftegraving av hovedgrøft. Gunstein og Arnt Øystein er engasjert i gravearbeider her i lag med et par lastebiler.

På Tysse er det framleis ikkje fylt opp i rørgata. Dette skyldes nok primært at det ikkje er montert platting og rekkverk over inntaket, noko me produserar og vil montere neste veke. Me skal også reasfaltere vegkryssinga, kanskje det kan ordnes neste veke. For øvrig skal alt nå være levert i forhold til kontrakt.

Øyvind er i gravearbeid for Veidekke og blir værande ei stund til der.

Det har foregått noe asfaltering for oss denne veka av NCC Asfalt.

I grustaket har det vært litt redusert aktivitet men Leif Harald finknusar massane 0-8mm og 8-16mm. Me skal no øka aktiviteten her for å få opp vinterlager av masser fremover.

På Norsk Stein har Olav full jobb med fjellrensk og diverse gravearbeid.

Vetle er nå på Finnflot og gjer nødvendige gravearbeider på vannsida før vinteren og vatnet stig.

Nytt prosjekt

Sauda Kommune kan no bekrefta at det ikkje er komern inn nokon klager innen fristen når det gjelder prosjektet Industrikai Saudasjøen. Det ser nå ut til at det går mot kontraktsmøte i nærmaste framtid.

Ha ei god helg!