27/10/2017

BS-NYTT veke 43

Vinteren kjem og me seier oss ferdige på Finnflot for i år!

Betong-arbeite

På Finnflot har me denne veka støypt siste plata oppstrøms og vatnet i magasinet er i ferd med å stiga i følge Saudefaldene. Nedstrøms pågår fundamenter til frostveggar og nedrigging av brakker og materiell for sesongen. 

Denne veka har me fått montert platting over inntaket på Tysse, og neste veke vert det vannfylling av rørgata onsdag.

På Eramet er me i gong med grunnarbeite for platestøyp på importkai.

I Slettedalen støypar me overbygget til bru nr 2 i dag og det pågår arbeite med føringskantar og brukar.   

På Elvatun etablerar me støttemur i nabogrensa.

  

Maskin-arbeite

På Svartavatnet har me no fjerna hovudtyngda av massane til helga, men ein del oppussingsabeider står att. Vinteren bestem no om me vert ferdig her...

I Slettedalen har me byrja på den tredje hyttetomta i Grasberget hyttefelt for Ryfylke Bygg. Når dei tre hyttetomtene er ferdig planert skal me grusa delar av vegen.

 

Ellers kjem Vetle ned frå Finnflot med sin maskin og blir med i Åbødalsvegen og Gunstein går over på diverse jobbar med hjulgravaren.

Me vil gratulera Adam med dagen som kjem på søndag 29.!

Ha ei god helg!